Julekino på Tryvann

Drive-in-kinoen på Tryvann er tilbake etter stor suksess i vår.

USA: Drive-in-kinoen oppstod i USA på 1930-talet. Foto: Thomas Hawk (CC BY-NC 2.0 Flickr)

– Ja, dette var populært og mange har henvendt seg til kundeservice og spurt om me kan sette kinoen opp på nytt, seier administrerande direktør i Filmweb Harald L. Sæther til Journalen. 

Han fortel at konseptet er populært så lenge kinoane er heilt stengde ned, men at dei såg i vår at interessa dabba av då kinoane åpna igjen. 

Fredag 20.november og ti dagar fram i tid blir det drive-in-kino på Tryvann. Sæther seier at i første omgang varer tilbodet ut november, men at dei vurderer fortløpande å forlenge det. Arrangørane er Filmweb, Nordisk Film Kino og Cinemove. 

Aftenposten skreiv om saka først.

Julefilmar for store og små

Det vil bli vist ei blanding av årets julefilmar og andre filmar som elles har eller skulle hatt premiere i desse dagar. Det kjem til å vere ei visning kl. 17.30 og ei kl. 20.30 kvar av dagane. Nokre av julefilmane som blir å sjå er blant anna "Dragevokterens jul", "Gledelig Jul" og "Jul på KuToppen". Av dei andre kinofilmane er "Dianas Bryllup", "Et glass til" og "Børning 3" med. Altså er det noko for både store og små.

Godt nøgde med helga

No når drive-in-kinoen er open igjen, håpar arrangørane at det vil bli like populært som forrige gong. I helga som var hadde dei nesten tusen besøkjande på Tryvann, og det er dei godt nøgde med. Det vert vist to førestillingar dagleg, med maks to hundre besøkjande per visning. 

Til om tilbodet kjem til å dukke opp att etter korona seier Sæther:

– Om me kjem til å fortsetje med dette etter korona er vanskeleg å seie, men du skal ikkje sjå vekk frå at det kan dukke opp som ein del av framtidige arrangement.

Smittevernvennleg tilbod

Arrangørane har lagt opp til eit arrangement i tråd med FHI og Oslo kommune sine retningslinjer, slik dei har skrive i programmet sitt. 

Det blir for eksempel ikkje bilettsal på området, billettane må ein ha kjøpt på førehand over nett. Som nemnt, er det ei maksgrense på to hundre besøkjande per visning, og kun tillatt med fem personar i ein bil. Ein må også opphalde seg i bilen under heile visninga.  

Kom som følge av korona

Sæther seier at drive-in kinoen i vår kom som et direkte resultat av koronaepidemien, fordi dei ville gi kinopublikummet deira eit alternativ då alle kinoane vart pålagde å stenge ned. 

I vår var det drive-in-kino på fem ulike lokasjonar i landet og det var totalt ca. tjue tusen besøkjane. 

Stikkord