Røper at det blir ein spektakulær finale
I morgon kjempar Aksel Lund Svindal, Magnus Midtbø og Håvard Tvedten om å bli Mesternes Mester.
Sesong 12 av Mesternes Mester går mot slutten, og i morgon skal det avgjerast.
– Det blir ein spektakulær finale. Me føler kanskje dette er tidenes tøffaste finale, så det blir utruleg spennande, seier Pia Basberg, NRKs prosjektredaktør for Mesternes Mester.
Ho tykkjer alle finalistane er verdige vinnarar som skal gjennom ein brutal finale. Til no har NRK hatt storarta sjåartal på sesongen, og det trur Basberg vil halde fram i finalen.
– Me har til no tidenes mest sette sesong av Mesternes Mester, og finalen har tidligere også fått svært gode sjåartal, så det er utruleg gøy, seier Basberg.
Dei to første episodane av sesongen vart i gjennomsnitt sett av over 1,4 millionar. Basberg fortel at gjennomsnittet vidare i sesongen har vore på 1,5 millionar sjåarar.
Prosjektredaktøren trur korona, og det at mange ser mykje meir på tv no, har hjulpet sjåartala. I tillegg er det første gong serien er filma i Norge, noko ho trur har gjort folk meir interesserte i å sjå.
–Det er ikkje tvil om at det er fantastisk for oss å sjå at det er mogeleg å gjennomføre i Norge, og me ser definitivt på Norge som eit nytt alternativ vidare også, sier Basberg.