Noreg si fyrste språklov
Rettane til nynorskstudentar bler ikkje fulgt opp, og kun 10 % av forskning er på norsk. Men no har Noreg fått ei språklov som gjer norske borgarar språkretter me ikkje har hatt før.
Frå 1. januar 2022 trer Noreg si språklov i kraft. I den står det at bokmål og nynorsk er jamstilte, og at det offentlege organ har som ansvar å bruka og utvikla norsk og samisk. Lova skal òg verna og fremja kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.
Jurist Sofie Høgestøl fortel at språk er viktig fordi det er vår fellesmarkør, og at lova har to mål: å sikra norsk som eit samfunnsberande språk og for å styrka og verna minoritetsspråka.
– Lova er bettre enn berre politikk, seier ho.
Det er dei forskjellige departementa som har som ansvar for å fylja opp språklova. Frå neste år vil det til dømes vera i strid med lova å kun gje eksamen på berre bokmål eller berre nynorsk.
Kampen om nynorske fagbøker
I 1971 streika elevar for å få skulebøkene sine på nynorsk. I dag er det framleis vanskeleg å få nynorskbøker til same tid som bokmålsbøkene, sjølv om det er stadfesta at dei skal ha det i opplæringalova. Forhåpentlegvis kan den nye lova hjelpa nynorskelevane med å få pensum i tide.
Digitaliseringa i skulen har ført til mindre nynorsk. Mange av læringsressursane er berre på bokmål, noko som òg gjer det forvirrande for dei 550 000 elevane som har nynorsk som sidemål. Men i debattane på Språkdagen er det stor einighet om at dette må det bli gjort noko med.
Vil ha meir norsk fagspråk
I forskinga er det engelsk som dominerer. I debatten om å sikra norsk fagspråk for framtida er det stor einighet i at noko må gjerast.
– Det har gått feil veg, seier Oddmund Løkensgard Hoel (Sp).
Han er statssekretær i Kunnskapsdepartementet og meiner at det burde lønna seg å bruka meir norsk i både forsking og studiar.
Mykje av forskingsdokumenta er på engelsk då forsking er eit internasjonalt meisterskap. No blir norsk berre brukt i 10 % av forsking. At mange av fagbøkene i studiar er på engelsk, gjer det ikkje lettare for studentane å beherska norsk fagspråk.
Sterkt språk
Sjølv om Noreg er eit lite land med få innbyggjarar samanlikna med resten av verda, seier Wetås at det er inga grunn til å bekymra seg for framtida til språket vårt.
– Det norske språket står sterkt. Nynorsk er eitt av dei minst trua språka i verda, seier språkdirektøren.
Ho er nøgd med at politikarane og gjestane ser at det er ein jobb å gjera for å sikra kvaliteten på norsk språk. Ho trur nok at ho skal pirka litt ekstra på skuldrene til departementa framover.