Drag går inn i akademia
Hausten 2022 innfører OsloMet enkeltemnet "Kunsten å dragga" for dei som vil utforska kjønnsnormar.
Dragkulturen i Noreg er i stadig vekst. I fjor kom Noreg si første draglinje på Arbeiderbevegelsens Folkehøgskule og i år kan du studera drag på OsloMet. Sistnemnte er takket vera universitetslektor på OsloMet Remi Johansen Hovda, som lenge har hatt ein draum om å føra drag inn i akademia.
– Drag kan vera mykje meir enn berre underhaldning, seier han.
Enkeltemnet er ikkje berre for dei som vil driva med drag og sminke, men dei som ønskjer å utforska i uttrykk og som har lyst til å blanda felt.
– Eg er opptatt av kva drag kan vera, kor grensene er, og kva det kan bli, seier Hovda.
Meir drag i Noreg
Han har kjempa for at kunnskap om drag skal vera tilgjengeleg for fleire.
Sjølv har han drive med drag i fleire år, og er produsent for Open Drag Show Oslo som har jamlege førestillinger med dragartistar på scena. Dei har merka at det har blitt fleire dragartistar i Noreg under pandemien.
Ein annan som har sørga for at folk kan læra meir om drag, er Jens Martin Hardtvedt Arvesen. Han starta draglinja på Arbeiderbevegelsens folkehøskule i 2021 og er i dialog med Hovda om korleis dei skal byggja opp emnet på OsloMet.
– At drag endeleg når akademia kan vera eit teikn på at drag er meir akseptert, seier Arvesen.
Då han begynte som dragartist var det ikkje så vanleg å sjå ei framtid i drag. Han trur at samfunnet no er meir åpent for skeive.
Ikkje berre for dragartistar
Arvesen meiner det er mange måtar å anvenda kunnskapen frå "Kunsten å dragga" på.
– Det er ikkje sikkert alle som hadde hatt utbytte av dette vil bli profesjonelle dragartistar. Kanskje det kan bli brukt for terapeutiske formål eller som eit pedagogisk grep, seier han.
Undervisninga vil blant annet inkludera workshops kor studentane lærer å sminka seg, laga eigne karakterar og å utforska feminine og maskuline uttrykk. Eksamen blir moglegvis eit dragshow.
– Eg håper òg det er grunnskolelærarar, barnehagelærarar og designarar som søker seg inn for å få fleire verktøy i kassa og nye perspektiv, seier Hovda.
Oppstart til emnet er i uke 32, og spesifikasjonane for opptakskrava kjem i løpet av våren.Det er inga tvil om at Hovda gler seg.
– Det er ganske stort. Ingen andre tilbyr dette i Skandinavia, avsluttar han.