8. mars: Kvinnehelse For Meri tok det 14 år å få hjelp

Smertane til Meri Wiik blei ikkje tatt på alvor. I år skal ho og Endometrioseforeninga gå bak parolen "Auk støtta til kvinnehelse".

Mamma Meri Wiik med sin to veker gamle son Odin.
At Meri Wiik fekk sonen Odin var verkeleg inga sjølvfølgje.

– Eg blei kvalm, fekk feberreaksjon i kroppen og veldig sterke mensensmerter. 

Dette var realiteten for Meri Wiik frå ho var 13 år. Dessverre var det noko ho måtte bli vand med. 

– Ingen var interessert i å finna ut kvifor eg hadde så innmari vondt. Den vanlege responsen var at mensensmerter er noko alle har, seier Wiik. 

Allereie som 16-åring var ho sikker på at ho hadde endometriose, men sjølve diagnosen fekk ho først som 27-åring. Fram til det blei ho berre anbefalt smertestillande eller p-piller. 

Ingenting hjalp.

Til tross for lovnadar frå helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) om meir støtte til kvinnehelse, har lite skjedd. I år skal ho derfor gå i tog på kvinnedagen under parolen "Ta kvinner på alvor - auk støtta til kvinnehelse".

Trudde ho overdreiv smertane

Wiik begynte tidleg å logga syklus. Då kunne ho sjå når i månaden ho hadde det kjipast, og planla ting når ho visste at det ikkje stod på som verst.

Nokon gongar blei folk sure og trodde ho overdreiv smertane. Men då ho blei dårleg på sydentur, såg venninna kor sjuk ho blei.

– Eg orka ikkje å gå ut i sola, men låg i senga og var heilt vekke, forklarer ho.

Ho fekk klar beskjed om å gå tilbake til legen.

Eit par med babyføter med lyseblå sokkar.
Odin har får låna rosa body av storesyster Iris. Foto: Tone Ollestad

Blei uventa mamma til to

No sit ho i ein grå sofa i huset sitt på Oppsal. Foran ho, i et kvitt babynest, ligg to veker gamle Odin og søv.

– Eg skjønte ikkje at eg var gravid før det hadde gått ei stund. Det var ikkje noko som slo meg at kunne skje, då eg var vand til at det var umogleg, seier ho.

I tillegg til Odin har ho to år gamle Iris, som blei til ved IVF-behandling, som er eit omfattande behandlingstilbod for ufrivilleg barnløse. Modne egg blir tatt ut av kroppen, dei blir befrukta på laboratorium, og deretter satt inn i livmora etter nokon dagar. 

Endometriose

  • En tilstand der vev som ligner på livmorslimhinnen vokser utenfor livmoren. 
  • Blir diagnosistert med laproskopi, som er ein kikkholsoperajson.
  • Det rammer 1 av 10 kvinner. 
  • Omtrent 40 % av infertile har endometriose. 
  • Det tar i gjennomsnitt syv år å få diagnosen. 
  • Det finnes ingen kur.

(Kjelde: Endometrioseforeninga)

Vanskeleg å få diagnose

Wiik møtte til slutt ein gynekolog som var 95 % sikker på at ho hadde endometriose. 

– Eg blei satt ut. Eg hadde vore hos så mange spesialistar som berre avviste det forslaget, fortel Wiik. 

Ho blei henvist til laproskopi i ein alder av 27 år fekk ho bekrefta det ho visste allerede som 16-åring.

Ho hadde endometriose.

Ei kjent historie

Ei anna som måtte gå til mange legar og gynekologar, er nestleiar i Endometrioseforeninga, Ane U. Løvereide.

Ho har opplevd fleire gongar å ikkje bli trudd. 

– Eg opplever at svært få legar tar dette seriøst, og altfor mange kan altfor lite, seier ho. 

Ho opplevde store smertar allereie frå fyrste gong ho fekk mensen.

Ane U. Løvereide er nestleiar i Endometrioseforeninga, og er godt kjent med bruk av varmeflaske. Foto: Tone Ollestad.

Diagnosen endometriose fekk ho første femten år seinare, då ho blei sendt til ein spesialist som tok ho på alvor. 

– Eg er ikkje gal, eg er ikkje hysterisk. Dette er ein av dei mest smertefulle sjukdommane som eksisterer.

Løvereide grein på vei heim. Ikkje fordi ho var redd, ikkje fordi det var trist, men fordi ho no skulle ho endeleg få hjelp. 

To spontanabortar er ikkje nok

Både Løvereide og Wiik fekk operasjoner der kirurgane fjerna endometriosevevet. Men Wiik, som mange andre som har endometriose, sleit med å bli gravid. 

– Eg blei gravid to gongar i hausten 2018, men mista begge gongane, fortel ho.

Det er bra å få mesteparten av IVF-behandlinga dekka av staten, men Wiik trur ein god investering ville vore å gje betre oppfølging i det offentlege.

Sjølv fekk ho litt samlebandskjensle av prosessen, då det er eit fast forløp alle par må gjennom. Etter to spontanaborter på IVF-behandlinga, tok ingen tak i kvifor ho mista.

Det er ei systemgreie. Du må ha tre spontanabortar før dei prøver å finna ut av det. Eg hadde "berre hatt to", og måtte ha ein til før eg fekk tilpassa hjelp.

Meri Wiik

Ei korg full av fertilitetsmedisin.
Dette er berre smårestar av den omfattande fertilitetsbehandlinga Wiik måtte gjennom for å bli gravid første gong. Foto: Tone Ollestad

Helseministeren lova ei betring

For Wiik tok det tre år å få barn. No ønskjer ho tiltak frå regjeringa. 

– At du ikkje kan få diagnosen uten lapraskopi, er eit problem. Forskingsmessig må noko gjerast på internasjonalt nivå, meiner ho.

Helse- og omsorgsminister Kjerkol (Ap)  lova ei sterkare satsing på helse i Trønderdebatt før valet i 2021.

Raud og slitt barnestol foran ein grå sofa.
Budalsstolen som Wiik har arva, kan endeleg bli tatt i bruk. Foto: Tone Ollestad

Ifølge Helsedepartementet si nyheitsoppdatering er berre eit konkret tiltak gjort: Kvinnehelseutvalet, som blei oppretta av førre regjering, har fått tre nye medlemar. 

Då Journalen spurte Helsedepartementen om kva konkret dei hadde gjort sidan regjeringsskiftet, fekk me følgjande svar på mail: 

"Vi trenger mer åpenhet og kunnskap om kvinners helse for å sikre bedre utredning, behandling og oppfølging i helsetjenesten. Vår regjering vil prioritere kvinnehelse for å sikre likeverdige helsetjenester og vi er i gang med flere konkrete tiltak."

I tillegg fortel dei at dei skal oppnemna eit utval som skal gå gjennom abortlova, og eit utval som skal gje ein oversikt over kvinner si helsa i Noreg. 

Kvinnehelseutvalet skal levera si innstilling 8. mars 2023. 

Klar for 8.mars

I år skal både Wiik og Løvereide gå under parolen "Ta kvinner på alvor, auk støtta til kvinnehelse" saman med Endometrioseforeninga. Wiik var aktiv i foreninga i fleire år, men måtte trekkja seg tilbake i åra ho mista mykje. 

No gler ho seg til å gå i tog igjen.

– I år skal eg ta med Odin i barnevogna, smiler Wiik. 

Baby Odin som søv.
Odin er berre to veker gammal. På tirsdag skal han gå i sitt fyrste 8.mars-tog. Foto: Tone Ollestad

Deler kunnskapen vidare

Wiik har alltid vore open om det ho har gått igjennom, enten det har vore spontanabortar, fertilitetsutfordringar eller endometriose. No deler ho erfaringane sine vidare. 

– Det er min personlege kampsak. Eg vil det skal vera lettare å finna informasjon om forskjellige kvinnehelseproblem, fortel Wiik. 

Ho starta ein Instagram-konto kor ho deler mytar og erfaringar om IVF-behandling og infertilitetsutfordringar.

– Eg vil visa dei kjipe og dei fine sidane ved å vera gravid etter at du har mista, fortel ho.

Vegen hennar for å bli gravid har no leidd ho til ein ny karriere. Frå sommaren blir ho partner og norgessjef i Frøya Life, der ho skal jobba med rettleiing for kvinner i fertilitetsbehandling og tjenesteutvikling for ein fertilitetsklinikk.