Diskuterte ordbruken rundt klimasaken
Tysdag kveld var tema på Deichman Torshov kjensler og handling rundt klimasaka, og ordbruken rundt dette blei sentralt.
I panelsamtalen var det diskusjon om sterke ord og omgrep rundt klima var nødvendig å bruke, eller om det førte med seg negativ effekt.
– Krise-omgrepet er jo eit meir kraftfult omgrep enn klimasak, og mange føretrekk å bruke det ordet, seier Sissel Furuseth, som er professor i nordisk litteratur. Ho trekk også fram at det for nokre kan opplevast som skremmande å bruke slike ord.
Greta Thunberg er ein som bruker sterke omgrep stadig vekk.
– Ho bruker jo ord som panikk, at huset står i brann, og andre kraftfulle uttrykk som skal gjere at folk reagerer, seier Furuseth.
Unge reagerer meir på ordbruken
Furuseth påpeikar også ein lammande effekt ved denne ordbruken.
– Dersom ein bruker kraftige ord over lengre tid blir folk immune. Det er den balansegangen som er vanskeleg, seier ho.
Unge kan ha lettare for å ta sterke ord og omgrep innover seg enn eldre har, trur Furuseth, og trekk fram skulestreikar, der dei same slagorda blei ropt gang på gang.
– Eldre menneske har kanskje opplevd liknande retorikk tidlegare, og tolererar litt betre store bokstavar og utropsteikn, seier ho.
Feil bruk av omgrep
Ole Jacob Madsen, som er professor i sosialpsykologi, meiner at det ikkje er farleg for unge å høyre denne ordbruken om klima, men at mange bruker feil ord for å skildre kjenselene sine.
– Det kan virke som ungdomsgenerasjonen bruker meir kliniske omgrep no enn tidligare, seier Madsen.
Han trekk fram klimaangst som eit omgrep som blir brukt feil.
– Klimafrykt får kanskje ikkje samme gjennomslagskraft, seier Madsen.
Han påpeiker at ti prosent av unge seier at dei slit med angst, medan 50 prosent av unge seier dei slit med klimaangst.
– Då er det ikkje angst ein snakkar om, når ein snakkar om klima, men kanskje ei anna type bekymring, seier Madsen.
Madsen seier at han veit at nokre unge er reelt bekymra og overvelda, og at mange unge er redde for framtida si. Likevel seier han at han ikkje bekymrar seg for den psykiske utviklinga rundt det.
– Men det finnes døme på unge som er redde for både klima og andre ting som atomkrig, og har ei slags lammande kjensle av angst, påpeikar Madsen.