Oscar-håpet rauk

Det blei ingen norsk Oscar-statuett under prisutdelinga i natt.

Bilete av fleire Oscar-statuettar.
Ingen statuett blei med heim med dei norske Oscar-håpa. Foto: Harold Neal (CC BY-NC-ND 2.0) Flickr.

Oscar-prisen glapp for "Verdens verste menneske", som var nominert til kategoriane "Beste originalmanus" og "Beste utanlandske film" under utdelinga i natt. Dei tre skodespelarane Renate Reinsve, Anders Danielsen Lie og Herbert Nordrum var alle i Los Angeles, saman med regissør Joachim Trier og mausforfattar Eskil Vogt. 

Prisen for beste originalmaus gjekk til "Belfast", medan "Drive My Car" fekk prisen for beste utanlandske film. 

Sjølv om det ikkje blei nokon pris, seier Joachim Trier at nomineringa er ein siger i seg sjølv. 

– Det er absurd, surrealistisk og vidunderlig samtidig å være her, nå, på ordentlig, seier han til nyheitsbyrået AP, ifølge VG.

Også kulturminister Anette Trettebergstuen var i Dolby Theater for å få med seg utdelinga. 

– Jeg er ikke skuffet, sa Trettebergstuen til NRK. Ho legg til at merksemda i kjølevatn av Oscar-utdelinga er med på å løfte norsk filmbransje. 

 

 

 

Stikkord