Bustadprisfall i Oslo – men meklarane er optimistiske
Prisfall i september og prognoser viser dystre spådommar for bustadprisane i Oslo. Likevel trur fleire eigedomsmeklarar at det snur raskt.
Sist veke la Eiendom Norge fram tal frå bustadomsetninga for september. Tala viste ein nedgang på -2,2 % i Norge og -2,5 % Oslo. Sesongjustert var fallet på 0,6 %, men det er framleis høgare enn det som var spådd.
– Hausten er normalt prega av nedgang, men no var det høgare enn normalt. Rentene sitt inntog i marknaden kjem nok fram no, seier Edvard Ingebrigtsen i EIE eiendomsmegling.
Både rentestigning og Finanstilsynet sitt forslag om strengare lånevilkår set sitt preg på marknaden. I tillegg gjer fleire prognoser om prisnedgang at mange avventar bustadkjøp.
– Eg trur at spådommane om prisfall har ein psykologisk effekt på folk. Folk ventar rett og slett på at prisane skal gå ned for å få kjøpt billegare, seier Ingebrigtsen.
Positive meklarar
Samfunnsøkonomisk Analyse sine prognoser for den komande tida ventar nedgang. Prognosane viser eit fall i bustadprisane i resten av 2022 og ein nedgang på fem prosent i 2023. Ikkje før 2025 er prisane venta å stige i hovudstaden. Men sjølv om analysane viser moderat prisvekst, trur fleire meklarar at Oslo kjem sterkare ut. Blant anna meklarane Wissam Bader og Marius Wang frå høvesvis DNB og Aktiv Eiendomsmegling.
– Eg trur ikkje prisane vil falle så mykje som mange trur. Det vert kanskje eit fall på tre-fire prosent til, men ikkje noko meir enn det, seier Wang og får støtte med sin kollega i DNB.
– Prisane i Oslo vil nok falle litt i oktober og november, men eg trur at det snur allereie i desember og at vi ser stigning i starten av 2023, meiner Bader.
Prioriterer bustad
Meklarane tek atterhald om usikre tider, og viser til mellom anna høge straumprisar og krigen mellom Russland og Ukraina, som begge kan gi utslag i bustadmarknaden. Likevel er bustad noko som vert prioritert hjå nordmenn og trumfar mykje anna.
– Dersom straumprisane ikkje vert dyrare, maten ikkje vert dyrare, så prioriterer nordmenn bustad. Vi droppar heller ein sydentur eller ein dyr middag, og bruker heller pengane på bustad, meiner Wang.
Det støttar Bader og meiner at det å kjøpe bustad i Oslo er noko av det tryggaste ein kan gjere framover.
– Bustadkjøp er den beste investeringa ein kan gjere. Ein kjem aldri til å få kraftig boligprisfall i ein by som Oslo, der det både er bustadmangel og kjøpevillige nordmenn, seier han.
Lys framtid
I eit langsiktig perspektiv er dei også samde. Bustadprisane i Oslo vil stige, og dei ventar ein oppgang på alt frå ti til tretti prosent.
– Dei neste ti åra kan det stige tretti prosent, avsluttar Ingebrigtsen.