Fleire unge engasjerer seg i folkemusikk
Under Folkelarmfestivalen denne helga kunne ein sjå både unge og vaksne framføre konsertar og skodespel.
Årets festival for folkemusikken vart i helga avholdt på Riksscenen. Her var det framsyningar, konsertar og utdeling av prisar. I 15 år har festivalen vore til, og sidan starten har den tradisjonelle musikksjangeren utvikla seg i ein moderne retning.
Heile 11 deltakande land var med i år, med artistar frå heile Nord-Europa. Informasjonsrådgivar Liv Annette Nygjerdet er storfornøgd med korleis arrangementet vart avvikla.
– Det gjekk heilt etter planen. Mykje folk og god stemning, fortel ho.
Fleire ungdomsmiljø veks fram
Fordelt på dei tre scenene var det oppsett fleire dansestykke og 20 konsertopplevingar. Stereotypien om at det ofte er eldre som driv med folkemusikk verkar å være langt frå sanninga. Til stades var det stor aldersvariasjon og dei siste åra har snittalderen blitt lågare.
– Hurra for rekrutteringa! I mitt spelemannslag er yngstemann 14 år og eldste 80 år, fortel Marit Westling. Ho kjem frå Østerdalen og har helde på i Østerdølenes Spellemannslag i 34 år.
– Her i Oslo er det eit massivt ungdomsmiljø. Alle reiser rundt på stemner i heile Noreg og skapar eit godt samhald, seier Rune Hernes Bjerke like etter.
Prisar
Ein rekke prisar vart delt ut i løpet av helga, blant anna årets unge folkemusikar. Her var det tett konkurranse når tre finalistar framførte sine songar laurdag kveld. Eir Vatn Strøm trakk det lengste strået hos juryen og vant i tillegg eit GRAMOstipend på 100 000 kr. Du kan lese om resten av prisane her.