Vil vere ei motvekt til kjøpefesten

Same dato som årets største handledag, Black friday, arrangerast, heldast "Grønn Fredag" på Gamle Munch. Med den ynskjer prosjektleiar Juliane Gordner å lage eit motsvar til kjøpefesten.

Bilde av Grønn fredag-plakat på Gamle Munch under Ombruksuka 2022.
Grønn fredag er en av arrangementene under Ombruksuka, hvor fokuset er rettet mot bruktmarked og reparering av utstyr. FOTO: Frida Tvedte Matre

Fredag 25. november arrangerte Oslo kommune, saman med fleire ulike aktørar, Grønn Fredag på Gamle Munch. Dagen er eit av arrangementa under Ombruksuka, som er ei veke fylt med aktivitetar knytt til ombruk. Her ynskjer kommunen saman med aktørane å oppfordre folk til å handle meir berekraftig. Det er derfor ikkje tilfeldig at dagen landar på same dato som Black Friday. Juliane Gordner fortel at dei ynskjer å være ei motvekt til dagen. 

Under årets Grønn Fredag kunne ein få tak i rimeleg og noko gratis turutstyr og klede. Det var også mogeleg å få reparert eige utstyr som trong ein fiks. Etterspørselen etter brukte varer hos «kundane» var stor fredag ettermiddag. Gordner forklarar at ho trur dette heng saman med at folk er oppteken av ombruk, samstundes som at Grønn Fredag er bra for lommeboka. Oppfatninga hos både prosjektleiaren, aktørar og besøkjande er derfor at dagen er betydeleg for mange. 

·