Oslo får eigen folkehelsestrategi
Kommunen skal utjamne livskvaliteten i befolkninga. Byen planlegg ein strategi som skal strekke seg heilt til 2030.
Byråd for helse, eldre og innbyggertjenester Robert Steen. Foto: Sturlason
I Oslo er det store forskjellar i helse og livskvalitet blant innbyggarane. No inviterer Oslo Kommune til å komme med innspel innan 11. november. Strategien skal bidra til at alle verksemdene i kommunen har felles mål og retning i folkehelsearbeidet. Målet er at den skal komme alle innbyggarane til gode.
Byrådsleder for helse, eldre og innbyggertenester i kommunen, Robert Steen forklarer:
– Det er ofte sosioøkonomiske grunnar til dei store skilnadane i helse og livskvalitet. For eksempel veit vi at dei vanlegaste sjukdommane som muskel- og skjelettsjukdomar, kols og kreft i større grad rammar innbyggarar som har lågare inntekt og utdanning. 28 % av studentane i Oslo oppgir at dei saknar nokon å vere saman med, og dei er ei gruppe som jamt over har dårlegare levekår enn resten av befolkninga.
Han trekk fram at ein på Sagene har ein gjennomsnittsalder som er sju år lågare enn på Smestad.
– Det kostar å ete sunt og trene på treningssenter. Samstundes er dette med på å forebyggje diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar. Det vil alltid være nokre som slit meir enn andre i samfunnet, fortsett Steen. Eit godt liv handlar ikkje berre om å trene og ete sunt, vi treng og ei oppleving av at vi har ein meiningsfull kvardag, å føle at vi har det godt og fungerer bra. Difor handlar folkehelsestrategien og om korleis livskvaliteten til innbyggarane i Oslo kan bli betre.
Før hadde Oslo berre fire årsplanar, noko Steen meina blei for kortsiktig. I den nye strategien vil man kunne planlegge meir langsiktig større, og bydelane får ein etterlengta kontinuitet til å gjennomføre sine mål. Dette vil være med på å endre den grunnleggande drivaren til folks helse, som er sosioøkonomiske forskjellar.
– Folkehelsearbeid skal prioritere det som fremmer god helse, ikkje bare det som reparerer sykdom. Dette er førebyggande arbeid, avsluttar han.
Hjelpe dei som treng det
Bydel Sagene er engasjert i strategien og sendte førre veke inn eit høyringsutkast. Journalen har vore i kontakt med bydelen og får opplyst at dei fleste spørsmåla vi lurer på kjem fram i høyringsutkastet. Spesialrådgivar Kathinka Nordhagen Selsjord skriv:
– Strategien er svært overordna. Bydelen etterspør tydelegare føringar i forhold til det systematiske folkehelsearbeidet. Per i dag pregast det av for stor grad av tilfeldigheit.
Vidare står det at bydelens fråfall i vidaregåande skule er eit av bydelens hovudmål. Dei er einige med kommunen at det i den kommande perioden bør handle om å førebygge for dei elevane som treng det mest.
Bydelen meiner det vil være avgjerande med samskaping med befolkning og frivilligheit for å lykkast med arbeidet. Delbydeler og direkte utsette bygardar bør prioriterast for å skape gode og trygge nabolag og møteplassar.
Uklart
Likevel ser det ut til å være ueinigheit rundt nokre av kommunens forslag. Bydelen kjem med kritikk mot kommunens manglande tydelegheit. Selsjord skriv i utkastet:
«Bydelen etterlyser konkrete tiltak i strategien. Bydelen er klar over at dette vil komme på et senere tidspunkt, men savner likevel mer konkretisering. Det savnes også informasjon om ressurser, tidslinje og koordinering av arbeidet. Bydelen etterlyser informasjon om hvilke ressurser som medfølger. Budsjett 2023 er fremlagt og bydelen kan ikke se noen konkrete koplinger mellom budsjettet og folkehelsestrategien. Bydelen forutsetter at arbeidet følges opp i budsjett 2024»