Lys ut to millionar til ungdomsfiske
Regjeringa vil bidra til at fleire unge vel fiskaryrket.
Pengane vil gå til kommunar som legg til rette for at ungdom mellom 12 og 25 år kan tileigne seg erfaringar frå fiskaryrket. Det melder regjeringa i ei pressemelding publisert på deira nettside.
– Eg har møtt mange gutar og jenter som drøymer om å bli fiskar og leve av havet ein dag. No får dei moglegheit til å prøve ut draumen, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i pressemeldinga.
Ordninga blei prøvd ut for fyrste gong i fjor. Då kom Nærings- og fiskeridepartementet seint i gong med utlysinga, noko som gjorde at fleire kommunar meldte tilbake om dårleg tid til planlegging. Difor kjem årets utlysing allereie no.
– Tidlegare oppstart vil gi kommunane betre tid til å planleggje, og aukar moglegheitane for å nå ut til fleire interesserte ungdommar, fortel fiskeri- og havministeren.
Kommunane kan søke om tilskot til ungdomsfiskeprosjekt på opp mot 200.000 kronar, og støtta kan fordelast på fleire kommunar innafor den totale ramma. Fristen for å søkje er 28. februar.