Opna eige studio: - Har vore ein draum sidan barneskulen
Laurdag 25. november var det nyopning av Eventyret Tattoo & Makeup på Bogerud. Heile helga gjekk derfor til drop-in kunder.
Eventyret Tattoo & Makeup er eigd og drifta av tatovør og piercer, Thora Madelene Høiby Holmestrand. I tillegg driv ho med permanent sminke. Studioet drives ilag med Sally Cathrine Sandboe, som driv med vippeløft og brynslaminering.
– Korleis kom dykk med ideen om å starte eit eige studio?
– Eg har hatt ein draum heilt sidan barneskulen om å bli tatovør. Etter å ha jobba i yrket ønskja eg å ha min eigen plass å drive, og gjere den så profesjonell som mogleg, fortel Holmestrand.
– På Eventyret Tattoo & Makeup tilbyr me tatovering, både svart-kvit realisme, coverup og fargar. Me tilbyr også piercingar og permanent sminke, som bryn, eyeliner, lepper, frekner, og skjønnheitsflekkar. I tillegg til Inlei vippeløft og brynslaminering, fortel Holmestrand.
Ønskjer å få eit meir allsidig syn på bransjen
– Korleis gjekk opninga i helga?
– Opninga gjekk bra, det var folk innom for å ta tatoveringar, piercingar og nokon kjøpte gåvekort. Elles var folk innom for å slå av ein prat, fortel Holmestrand.
Vidare fortel ho at namnet eventyret kjem frå ei stor interesse i eventyr, og at det sto mellom det, og troll stua. Ho fortel også at studioet stillar seg profesjonelle til diverse krav og hygiene. Og vidare håpar dei å få til eit meir allsidig syn på bransjen. Der alle er velkomne, og der ein slepp å gå inn på ein stad som følast tvilsam.
– Kva syns du om å ha Eventyret Tattoo & Makeup som din arbeidsplass?
– Det er vel litt å skryte på seg sjølv då det er studioet mitt. Men eg syns det er veldig deileg å ha ein eigen plass å drive, der man kan være seg sjølv og drive med den man elskar, seiar Holmestrand
– Kva syns du om å ha Eventyret Tattoo & Makeup som din arbeidsplass?
– Det har vore, og er veldig spennande å få være med på oppstarten av studioet til Thora. Det har kome mykje hyggelege folk innom med spørsmål fordi dei har sett at me har starta opp her i nærmiljøet. Det tar tid å etablere ein kundebase, men me har begge to hatt eit par kundar kvar, etter kun to dagar etter oppstart, så det er positivt, fortel Sandboe.