Forfølgt: – Alle som praktiserte blei fengsla
Falun Gong er ein kultiverings- og meditasjonsmetode, men i Kina blei dei sett på som ein trussel.
Den kinesiske meditasjons- og kultiveringsmetoden skal styrke helsa og gi velvære.
Ved Eidsvolls plass viser dei fram ulike Falun Gong-øvingar og informerer om metoden og forfølgingane.
Forfølging
Etter ein demonstrasjon mot innskrenking av religionsfridomen i 1999, blei Falun Gong forbode i Kina.
Grunnleggjaren, Li Hongzhi, blei anklaga for å ha politiske ambisjonar, og ein trussel mot dei kinesiske myndigheitene. I følge Falun Gong-utøvar Linga Xia veit dei som har makt i Kina at Falun Gong ikkje er poltitisk, men at dei likevel føler seg trua.
– Dei liker ikkje at så mange menneske trur på noko, dei følte seg trua. Derfor sa dei at Falun Gong har politisk agenda, men det stemmer ikkje, seier ho.
Over 100 000 tilhengjarar skal ha blitt forfølgt og fengsla sidan 1999, og fleire tusen skal ha blitt torturert, i følge snl.
– Alle som blei sett praktisere Falun Gong blei anten sendt i fengsel eller i konsentrasjonsleir, fortel Xia.
Metoden
Falun Gong skal styrke helsa og gi mental og fysisk velvære gjennom fysiske meditasjonsøvingar.
– Kultivering handlar om å heile tida forbedre seg sjølv, det gjer ein ved å følgje prinsippa til Falun Gong, toleranse, medfølelse og sanning, seier Xia.
Metoden er basert på eldgamle kinesiske metodar, men blei introdusert av Li Hongzhi i 1992.
I dag er Falun Gong praktisert i meir enn 70 land og har over ti millionar følgjarar, men i opprinningslandet Kina er det ikkje lov å praktisere.
Blei fengsla
– Då mor mi var sju månader gravid med meg, kom politiet og fengsla far min, det same hadde skjedd med mor mi dersom ho ikkje var gravid, fortel Xia.
Xia sin far, Carl Xia, ville ikkje gje opp trua på Falun Gong, og han satt i fengsel i nesten to år.
Sidan begge foreldra til Xia praktiserte Falun Gong, og derfor kunne bli arrestert når som helst, blei Xia sendt til besteforeldra då ho var to år gamal.
Familien til Xia kom til Noreg som asylsøkjarar i 2010, då mora hadde ei kusine i landet. I Noreg er det rundt 50-60 aktive Falun Gong-utøvarar.
– Det er Falun Gong Norge som står bak markeringa, og vi står her så ofte som vi kan. Dei som vil snakke med oss får moglegheita til det, seier Xia.