Fyrste nynorsk-bokhandel i Oslo: – ei form for aktivisme

Oslo har fått sin fyrste nynorsk-bokhandel, medlemstalet i Noregs mållag veks og Sophie Elise føretrekker bøker på nynorsk. – Eg ser nynorsk overalt no, seier bokhandlaren.

Mann foran bokhyllen

Bokhandlar Kjartan Helleve ryddar i bokhylla. – Jon Fosse sel vi mykje av.

Kjartan Helleve har endå ikkje hatt ei offisiell opning av hjartebarnet «Nynorsk bokhandel», men heldt dørene opne for julehandelen i desember og kvar laurdag sidan det.

– Dette er min måte å fremja nynorsk, ei form for aktivisme. Eg vil skapa ei «brand store» for nynorsk og nynorske ting, eit fyrtårn. Men det er kanskje ambisiøst, seier Helleve ettertenksamt og viser til «Gå for nynorsk»-sokkane i hylla framfor kassa. 

Butikkskilt nynorsk bokhandel
Eit humoristisk skilt trekkjer kundane inn. Foto: Ingeborg Eldøy

Han meiner det er rart at det ikkje allereie finst ein nynorsk-bokhandel i Noreg, med den sterke posisjonen nynorsk har. Han veit at det er mange som har prøvd og feila før han, nettopp fordi det er ein nisje.

– For veldig mange er nynorsk noko dei må gjera på skulen, og noko som skjer på Vestlandet. Det at ein forbind nynorsken med noko nærmare, som at ein tar 37-bussen forbi butikken her, gjer at folk føler at nynorsk er nærmare. Det at dei ser det i kvardagen kan gjera at 1000 fleire ser at nynorsk er eit levande språk, seier Helleve.

Diktsamlingar på nynorsk
Diksamlingar frå butikken. – Her ynskjer eg meg nynorsk-ting, seier Helleve og peikar på ein tom vegg. Foto: Ingeborg Eldøy

Færre nynorsk-elevar

Ikkje alle, derimot, er like frelste av nynorsk som landsmålmannen Helleve. Ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet i desember viste eit nytt lågmål for nynorsken. Berre ein av ti elevar har valt nynorsk som hovudmål på vidaregåande skule, og langt færre universitetsstudentar. I tillegg var det eit fåtall statlege verksemder som møtte krava til nynorsk etter mållova i fjor, ifylgje ein rapport frå Språkrådet.

Eva Wetås i Språkrådet foran skrivepult
– Språkrådet jobbar med å gjera nynorsk så enkelt som mogeleg, slik at flest mogeleg brukar det. Foto: Ingeborg Eldøy

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, påpeikar derimot at mange ikkje tenkjer over at norsk er både bokmål og nynorsk. Det gir vanskelege bruksvilkår for nynorsk. 

– Når folk ikkje kjenner til kva språket vårt er, må det setjast inn spesielle tiltak. Obligatorisk nynorsk er då ein føresetnad for at nynorsk skal brukast, seier ho.

Leiar i Riksmålsforbundet Trond Vernegg meiner at kvar enkelt må avgjera om dei ynskjer å bruka nynorsk eller ikkje. Det er betre at dei som vel nynorsk får ekstrapoeng, slik det er med matematikk i dag. 

– Det at folk blir tvinga til å bruka det, gjer at dei byrjar å mislika det, seier Vernegg.

Han understrekar at Riksmålsforbundet ikkje er imot nynorsk, og at det beste for det norske språket er eit samarbeid mellom nynorsk og bokmål, ikkje at dei motarbeider kvarandre.

EgPlakat i bokhandel
Bursdagsplakat for Norsk målungdom då dei fylte 60 år. – Ung målstrid. Foto: Ingeborg Eldøy

Ambivalent forhold

Helleve er stolt av tradisjonane nynorsken har, men skjønar at folk har eit ambivalent forhold til obligatorisk nynorsk i skulen. 

– Eg er fan av tvang. Staten gir og staten tar. Hvis staten meiner at nynorsk er viktig, må dei også fylgja det opp. Det går jo ikkje an å velje bort algebra i matte fordi ein meiner at det ikkje er nyttig. Det same gjeld samisk.

Nynorsken i framtida

Tilbake i Spåkrådet meiner Wetås at framtida for nynorsken avheng av at det er synleg og tilgjengeleg overalt. Ho peikar også på at den digitale utviklinga er utfordrande, fordi svært lite er tilgjengeleg på nynorsk. 

– Så sjølv om folk ynskjer å bruka nynorsk, er det vanskeleg. Kunstig intelligens gjer også at det er meir feil på nynorsk. I korrekturprogrammet til Google viser undersøkingar at 75 % av nynorsken er feil. Det finst også mediehus som gjerne vil bruka meir nynorsk, men ikkje får rekruttert journalistar som kan nok nynorsk. 

Riksmålsforbundet Trond Vernegg
– Ingen har skrive meir om nynorsk enn eg, seier leiar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg. Foto: Ingeborg Eldøy

Med Bjørnstjerne Bjørnson på veggen bak seg, seier Trond Vernegg at nynorsk er marginalisert og har større grunn til å føla seg trua enn bokmål. 

– Men begge måla står i fare for å bli utrydda i konkurranse med engelsk.

Betra haldning til nynorsk

På spørsmål om framtida til nynorsken seier Helleve at han er meir ottefull for dialektar enn nynorsken. Folk ynskjer å bruka det målet som er nærmast dialekta deira. Eg trur nynorsk er eit veldig solid språk. Lenge var det ein kamp mellom nynorsk og bokmål, men no snakkar me jo om at fleire hundre tusen brukar det. Det er så forankra i statsapparatet, og det er jo eigne støtteordningar. Så eg er ikkje ottefull for nynorsken. 

Kjartan i rosa på bokhandelen
Helleve jobbar også på Astrup Fearnley-museet, og tjenar førebels ikkje pengar på bokhandelen. Foto: Ingeborg Eldøy

I lokalet som hadde lanseringsfest då forlaget Skald feira utgjevinga av Den store Gatsby, tenkjer innehavar Helleve at haldninga folk har til nynorsken er betre enn før. Han peikar mellom anna på VG-redaktør Gard Steiro, som tidlegare jobba for Bergens Tidende. Han har opna for at journalistar kan skriva på nynorsk, dersom dei meiner det er naturleg.

– Eg ser nynorsk overalt no. I reklame, i aviser og ikkje minst i bøker, seier bokhandlaren.

Det har vore fleire kjende nynorsk-forfattarar i bokhandelen, og Helleve peikar mot en vegg med signaturar. 

– Eg har invitert Jon Fosse også. Han sa at han ikkje skulle sjå bort i frå at han kjem innom ein dag, smiler han.