Frå dørbank til TikTok: Slik satsar MDG på unge veljarar

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) legg ned ein stor innsats for å nå unge veljarar. Kommunikasjonsrådgjevar Juni Romero Berg-Nilsen fortel om strategiane til partiet, frå sosiale medium til dørbank, for å engasjera ei ofte underrepresentert veljargruppe.

Portett av Juni Romero Berg-Nilsen, kommunikasjonsrådgiver i MDG

FREMGANG: Juni Romero Berg-Nilsen er optimistisk om innsatsen til partiet for å nå unge veljarar: – Eg kjenner det har gått skikkeleg bra.

Kort oppsummert
  • MDG satser målrettet på unge velgere, spesielt den underrepresenterte gruppen 20-28 år, med klima som hovedfokus.
  • Kommunikasjonsrådgiver Juni Romero Berg-Nilsen er med på dette arbeidet, med fokus på å bygge bro til de yngste velgerne.
  • Partiet bruker en todelt strategi: sosiale medier som TikTok for å forenkle politikk, og «bakkeaksjonar» som stands og dørbank for personlig kontakt.
  • Berg-Nilsen er optimistisk og trekker frem unge kandidaters suksess på sosiale medier som avgjørende for fremgangen.

Juni Romero Berg-Nilsen har vore engasjert i MDG sidan ho var 13 år, og har dei siste to åra jobba som kommunikasjonsrådgjevar i partiet. Hovudfokuset hennar er å byggja bru mellom MDG og dei yngste veljarane.

Kvifor unge veljarer er avgjerande

MDG er klar over at unge er sterkt underrepresenterte i demokratiet, spesielt dei mellom 20 og 28 år, som er minst aktive i val. For MDG er det eit viktig mål å endra dette.

– Det er viktig for oss at stemma deira kan føre til ei endring, og at dei har eit parti som bryr seg om dei unge, forklarer Berg-Nilsen.

Ho påpeikar også at mange unge er sterkt opptekne av klimaendringar, då dette vil påverka framtida deira mest. MDG ønskjer å visa at dei er eit parti som tek barne- og ungdomsperspektiv på alvor.

Strategiar for å nå dei unge

MDG bruker ei rekkje kanalar for å nå ut til unge. Ein stor del av innsatsen blir retta mot studentmiljø, med stands på universitet som OsloMet og Universitetet i Oslo. Sosiale medium, særleg TikTok, spelar også ei sentral rolle.

Juni Romero Berg-Nilsen, kommunikasjonsrådgiver MDG jobber med sosiale-medier
STRATEGI: Med eit klart mål om å styrkja unges stemme i demokratiet, arbeider Juni Romero Berg-Nilsen for å engasjera unge i MDG.

– Ei viktig satsing på sosiale medium går ut på å forenkla komplekse politiske omgrep, som til dømes sperregrensa for å gjere politikk meir tilgjengeleg, fortel ho.

I tillegg til digitale strategiar, prioriterer MDG det dei kallar «bakkeaksjonar». Dette inkluderer dørbank og standsverksemd, der personleg kontakt står sentralt.

– Me veit at det er lettare å få ein person til å stemma MDG, dersom dei har snakka med nokon frå partiet. Me prioriterer derfor område kor mange unge bor for å snakka med dei, fortel Berg-Nilsen.

På spørsmål om korleis ho kjenner det har gått med å nå unge veljarar, svarer Berg-Nilsen med optimisme:

– Eg kjenner det har gått skikkeleg bra, og mykje av det handlar om dei unge kandidatane våre som har vorte veldig tydelege og har stor suksess på sosiale medium, seier ho.

Førstegongsveljarar

For å få eit innblikk i korleis strategian blir opplevde av målgruppa, har vi snakka med studentane Judit (22) og Embla (21), som begge studerer marknadsføring ved ESMOD.

– Eg har sett masse av MDG folka som er ute i gatene, spesielt på Grünerløkka for å snakke med veljarar, og dei er nok flinke til å nå ut til unge der, sier Judit.

Embla er samd i at slike aksjonar er viktige, men legg til at ho sjølv har ikkje lagt merkje til så mange aksjoner ute i gatene av partiet.

To studenter på cafe
DIALOG: Embla (t.v.) og Judit (t.h.) har sett MDG-annonsar, mellom anna på trikken, men synest det er bra at partiet heller prioriterer direkte dialog med unge veljarar ute i gata.

Embla sier at ho også har sett reklamer på sosiale medium, og trekkjer fram Frøya Sjursæther som har gjort det veldig stort på både TikTok og Instagram.

– Eg synest det har vært kjempe bra at dei har fokusert på å vise fram dei unge kandidatene deira på sosiale medium, slik at vi unge kan relatere meir til det, forteller Judit.

Stikkord