Langs fjorden ligg det som ikkje skulle vore der

Trass i auka fokus på plastforureining, viser funn langs Oslofjorden at problemet framleis er omfattande.

Her ligger en del av søppelet Andreas og David har plukket på stranda.

Det tok ikkje lang tid før problemet ble synleg då Andreas Brandvoll og David Fuglset skulle plukke plast.

Båten gyngar lett idet vi hoppar i land. Små bølgjer slår mot strandkanten, og det knasar svakt under skoa.

Det ser nesten reint ut.

Så peikar Andreas Brandvoll ned.

Mellom tang og sand ligg flokar av plasttrådar.

– Det verste av alt, er dette her.

Han bøyer seg ned og plukkar dei opp frå bakken. Ved sida av han står David Fuglset, eit anna medlem i Plastpiratene, og følgjer med.

– Det blir kalla “dolly rope”, og er laga for å verne trålen til fiskarane for å passe på at dei ikkje øydelegge trålposen. Men desse er òg laga for å bli rivne av.

Han held plasttrådane opp i handa.

Små restar av eit stort problem. Foto Olivia Malgorzata Szlage.

– Desse her set fugler seg fast i. Dersom du har sett ute på Hitra og slike stader, ser du tusenvis av døde fuglar med slike på seg fordi det er nylon.

Han kastar dei i ein sekk.

Fuglset bøyer seg ned og plukkar opp fleire små plastbitar frå sanda.

– På 80-talet prøvde dei å bruke hamp i staden, men det kosta litt meir, så dei gjekk tilbake til dette dritet her, seier Brandvoll.

Ein kamp utan slutt

Andreas Brandvoll er grunnleggjar av Plastpiratene, ein frivillig organisasjon som ryddar plast langs kysten, og har jobba med dette i fleire år – utan løn.

Brandvoll fortel at det starta mens han budde i sin båt på Aker Brygge. Der sat han med morgonkaffen sin og såg søpla flyte forbi. Han tok tak i håven og byrja å rydde.

David viser frem logoen til plastpiratene, som de har festet bak på båten.
Det byrja med ein håv, no har dei eigen logo. David Fuglset ved båten til Plastpiratene. Foto: Olivia Malgorzata Szlage.

– Eg tenkte faen dette er jo enkelt, dette kan fleire gjere.

Det som byrja som eit lite initiativ, har vakse. I dag finst Plastpiratar over store delar av landet, og fleire stader i verda.

– Det er to seglbåtar i Atlanterhavet no som er ute og plukkar. Folk på Svalbard kallar seg Plastpiratar til og med.

Vi går vidare langs stranda medan Brandvoll og Fuglset plukkar opp plast og legg det i sekken. Arbeidet går jamt, men verkar endelaust.

Ein litt eldre mann som bur ved vatnet kjem bort og ser på.

– Eg har eigentleg gitt opp med å rydde plast, seier han.

Brandvoll stoppar opp eit øyeblikk og ser på han.

– Det er ingen som hugsar han som gav opp.

Mannen nikkar stille før han går vidare.

Eit globalt problem

Det dei plukkar opp her, er berre ein liten del av problemet. Resten er mykje større, og langt meir usynleg.

Ifølgje FN hamnar mellom fem og tolv millionar tonn plast i havet kvart år.

Det fører til kostnader på rundt 13 milliardar dollar, mellom anna gjennom opprydding og tap i fiskeri og andre næringar. Nesten 90 prosent av plasten på havbotnen består av eingongsprodukt som plastposar.

Forsking viser at plasten finst overalt. Richard Thompson er professor i marinebiologi ved University of Plymouth i England, og ein av dei fremste forskarane på mikroplast i verda. Han har forska på plast i over 30 år.

– Me har klart å vise at mikroplast bokstavleg talt er til stades overalt, frå djuphavet til nær toppen av Mount Everest.

Richard Thompson har forska på plast i over 30 år, og meiner problemet med plastforureining ligg i design og produksjon.
Professor Richard Thompson har forska på plast i over 30 år, og meiner problemet med plastforureining ligg i design og produksjon. Foto: University of Plymouth.

Han forklarer at plastproblemet er større enn mange trur.

– Og det er ikkje berre i havet, det er også på land.

Og konsekvensane er omfattande.

– Me har vist at eit breitt spekter av skapningar et desse små plastbitane, og potensialet for skade på dei ulike skapningane som følgje av eksponering for mikroplast.

For professor Thompson handlar ikkje plastforureining berre om det som ligg i naturen.

– Plastforureining skjer gjennom heile livssyklusen til plasten.

Han understrekar løysinga ikkje berre ligg i opprydding.

– For meg handlar løysinga om ein internasjonal avtale, fordi forureininga ikkje kjenner grensene.

– Kvifor ventar vi?

Thompson og Brandvoll er usamde om løysinga. Brandvoll meiner at Noreg kan handle no og ein kan ikkje vente på internasjonale avtalar.

– Kvifor kan ikkje Noreg berre seie: me vil forby eingongsplast.

Han er kritisk til manglande framgang.

– Kvart år blir ein ikkje einige.

Og meiner Noreg kan handle på eiga hand.

– Me lagar lover og reglar for dette landet, og me treng ikkje at Kina eller Saudi-Arabia skal vere einige med oss.

Kven har ansvaret?

Brandvoll meiner ansvaret er delt.

– Slutt å kaste frå deg dritet når du er ute og ferdast. Ta det med deg, putt det i lomma.

En vinflaske som hviler mellom to steiner på Kongen Marina i Oslo.
Avfall frå menneske hamnar mellom steinane langs fjorden. Foto: Cornelia Unneland.

Samtidig peikar han på systemnivået.

– Det er ikkje noko du og eg kan gjere noko med.

Richard Thompson viser til at problemet startar lenge før plasten hamnar i naturen, men gjennom produksjon, design og distribusjon. Mykje av løysinga ligg i betre design.

Ifølgje Thompson handlar det om å redusere unødvendig plastbruk og lage produkt som varer lengre og er trygge for miljøet.

– Me har ikkje råd til å lage plast som ikkje er nødvendig.

Samtidig meiner han at enkeltpersonar framleis spelar ei rolle.

– Små handlingar utført av millionar av forbrukarar kan faktisk ha ein ganske viktig effekt.

– Men vi må ikkje tru at det er løysinga, for då dømer vi berre barna våre og framtidige generasjonar til å halde fram med å rydde opp etter oss.

For Thompson er det eit teikn på at problemet må løysast ved rota, ikkje berre ryddast opp i etterkant.

Små bitar, stort problem

På moloen ved Kongen Marina i Oslo møter me Iselin Walentin, som bur på båt og plukkar plast i kvardagen.

– Eg ser plast heile tida.

Iselin plukker søppel langs vannkanten ved Kongen Marina.
Mellom steinene ligg plasten som er vanskelegast å få auge på. Iselin Walentin tek seg tid til å rydde det. Foto: Olivia Malgorzata Szlage.

Ho forklarer endringa.

– Før kunne eg sikkert gå forbi utan å tenkje over det, men no legg eg merke til det heile tida.

Ho held opp ein liten pose etter å ha plukka ei stund.

– Du kan plukke i eit par timar, og så har du kanskje ein liten pose fordi plasten er så liten.

Ho bøyer seg ned igjen og leitar mellom steinane.

For henne handlar det ikkje berre om å rydde, men om å ikkje ignorere det ho ser. Walentin meiner små handlingar betyr noko, sjølv om problemet er stort

– Om alle gjer litt, så kan det faktisk bli betre.

Kvifor held dei fram?

Tilbake på stranda samlar Brandvoll og Fuglset saman plasten.

– Det som motiverer meg, er dei gongen eg kjem tilbake etter me har rydda og ser at det er reint seier Brandvoll.

Plasten kjem tilbake. Det gjer Brandvoll òg.

Likevel er han ærleg.

– Det er som sagt ein drittjobb. Eg skulle ønske eg ikkje gjorde dette.

Så legg han plasten i sekken.

– Men eg byrja jo.

Ute på fjorden flyt plasten framleis, stille, men konstant.