Nye plastkrav skal redusere forsøpling frå fiskerinæringa
Klima- og miljødepartement meiner ordninga skal hindre at meir plast hamnar langs norskekysten. Likevel finn frivillige framleis plastrestar langs strendene kvar dag.
Båten gyngar lett idet me hoppar i land. Små bølgjer slår mot strandkanten, og det knasar svakt under skoa.
Det ser nesten reint ut. Så stoppar Andreas Brandvoll opp.
– Det verste av alt, er dette her.
Han bøyer seg ned mellom tang og steinar og drar opp ein neve med tynne plasttrådar.
– Dolly rope.
Brandvoll held dei blå plasttrådane opp i handa.

Brandvoll er grunnleggjar av Plastpiratene, ein frivillig organisasjon som ryddar plast langs kysten. Ved sida av han står David Fuglset og følgjer med medan fleire plasttrådar blir plukka opp frå bakken.
– Det blir kalla dolly rope, og er laga for å verne trålen til fiskarane, men desse er òg laga for å bli rivne av, seier Brandvoll.
- Dolly ropes er plasttrådar som blir brukt av botntrålarar
- Dei fungerer som eit vern mot slitasje på garna
- Trådane er laga av plast og blir slitne under bruk, slik at dei hamnar i havet og langs kysten
- Dolly ropes er ikkje nedbrytbare, og kan gjere stor skade på dyr som set seg fast i plasten
- På norsk blir dei kalla for labbetuss
Brandvoll kastar plasten i ein sekk.
– Desse her set fuglar seg fast i. Dersom du har sett ute på Hitra og slike stader, ser du tusenvis av døde fuglar med slike på seg.
Det tar ikkje lang tid før Brandvoll finn beviset på det han pratar om.
– På 80-talet prøvde dei å bruke hamp i staden, men det kosta litt meir, så dei gjekk tilbake til dette dritet her, seier Brandvoll.
Nye krav til produsentane
Ifølgje Klima- og miljødepartementet kommer nesten halvparten av plastavfallet på norske strender fra fiskeri- og oppdrettsbransjen.
Frå 1. januar 2026 trådde ei ny produsentansvarsordning i kraft for fiskeutstyr som inneheld plast. Ordninga følgjer opp EUs direktiv om plastproduktar.
Journalen spurde Klima- og miljødepartemenet om kravene, og om produsentane vil holdes ansvarlege for dolly ropes som hamnar i havet.
Fagavdeling for departement svarer på e-post at produsentar no får større ansvar for handtering av plast frå mellom anna fiskeri, fritidsfiske og akvakultur. Nokre føresegner vil tre i kraft seinare, og i tida framover ventar dei at Miljødirektoratet vil få inn søknader frå godkjenning av produsentansvarsselskap.
Dei nemner ikkje spesifikt dolly ropes, men viser til at ordninga gir produsentene ansvar for avfallshandtering når det kjem til fiskeutstyr som inneheld plast.
Den nye ordninga skal føre til at mindre plast hamnar i havet og langs kysten framover. Likevel er det allereie store mengder plastavfall som ligg langs strendene i Noreg.
Dette ser Brandvoll dagleg når han er ute og ryddar.
Ein kamp utan slutt
Brandvoll fortel at initiativet til Plastpiratene starta mens han budde i sin båt på Aker Brygge. Der sat han med morgonkaffen sin og såg søpla flyte forbi. Han tok tak i håven og byrja å rydde.
– Eg tenkte faen dette er jo enkelt, dette kan fleire gjere.

Det som byrja som eit lite initiativ, har vakse. I dag finst Plastpiratar over store delar av landet, og fleire stader i verda.
– Det er to seglbåtar i Atlanterhavet no som er ute og plukkar. Folk på Svalbard kallar seg Plastpiratar til og med.
Me går vidare langs stranda medan Brandvoll og Fuglset plukkar opp plast og legg det i sekken. Arbeidet går jamt, men verkar endelaust.
Ein litt eldre mann som bur ved vatnet kjem bort og ser på.
– Eg har eigentleg gitt opp med å rydde plast, seier han.
Brandvoll stoppar opp eit øyeblikk og ser på han.
– Det er ingen som hugsar han som gav opp.
Mannen nikkar stille før han går vidare.
Eit globalt problem
Det Brandvoll og Fuglset plukkar opp her, er berre ein liten del av problemet. Ifølgje FN hamnar mellom fem og tolv millionar tonn plast i havet kvart år.
Det fører til kostnader på rundt 13 milliardar dollar, mellom anna gjennom opprydding og tap i fiskeri og andre næringar. Nesten 90 prosent av plasten på havbotnen består av eingongsprodukt som plastposar.
Mykje av plasten endar opp som mikroplast.
Richard Thompson er professor i marinebiologi ved University of Plymouth i England og har forska på plast i over 30 år.
– Me har klart å vise at mikroplast bokstavleg talt er til stades overalt, frå djuphavet til nær toppen av Mount Everest.

Forskinga hans viser at mange dyr får i seg plastpartiklar.
– Me har vist at eit breitt spekter av skapningar et desse små plastbitane, seier Thompson.
Han meiner opprydding åleine ikkje vil vere nok.
– For meg handlar løysinga om ein internasjonal avtale, fordi forureininga ikkje kjenner grensene.
Ulike løysingar
Brandvoll meiner at ein ikkje kan vente på internasjonale avtalar. Han er kritisk til manglande framgang og meiner Noreg kan handle på eiga hand.
– Me lagar lover og reglar for dette landet, og me treng ikkje at Kina eller Saudi-Arabia skal vere einige med oss.
Brandvoll meiner at dei som ferdas i naturen har eit ansvar for å rydde etter seg sjølv, men peiker på at endringa må skje på systemnivå.
– Det er ikkje noko du og eg kan gjere noko med.

Richard Thompson viser til at problemet startar lenge før plasten hamnar i naturen, nemleg på produksjons-, design- og distribusjonsnivået.
Han meiner mykje av løysinga ligg i betre design og å redusere unødvendig plastbruk, og at produsentene må lage produkt som varer lengre og er trygge for miljøet.
– Me har ikkje råd til å lage plast som ikkje er nødvendig.
Samtidig meiner han at enkeltpersonar framleis spelar ei rolle.
– Små handlingar utført av millionar av forbrukarar kan faktisk ha ein ganske viktig effekt. Men me må ikkje tru at det er løysinga, for då dømer vi berre barna våre og framtidige generasjonar til å halde fram med å rydde opp etter oss.
Små bitar, stort problem
På moloen ved Kongen Marina i Oslo møter me Iselin Walentin, som bur på båt og plukkar plast i kvardagen.
– Eg ser plast heile tida.

Ho forklarer endringa.
– Før kunne eg sikkert gå forbi utan å tenkje over det, men no legg eg merke til det heile tida.
Ho held opp ein liten pose etter å ha plukka ei stund.
– Du kan plukke i eit par timar, og så har du kanskje ein liten pose fordi plasten er så liten.
Ho bøyer seg ned igjen og leitar mellom steinane.
For henne handlar det ikkje berre om å rydde, men om å ikkje ignorere det ho ser. Walentin meiner små handlingar betyr noko, sjølv om problemet er stort
– Om alle gjer litt, så kan det faktisk bli betre.
Derfor held dei fram
Tilbake på stranda samlar Brandvoll og Fuglset saman plasten.
– Det som motiverer meg, er dei gongen eg kjem tilbake etter me har rydda og ser at det er reint, seier Brandvoll.
Plasten kjem tilbake. Det gjer Brandvoll òg.
Likevel er han ærleg.
– Det er som sagt ein drittjobb. Eg skulle ønske eg ikkje gjorde dette.
Så legg han plasten i sekken.
– Men eg byrja jo.
Ute på fjorden flyt plasten framleis. Stille, men konstant.