Glutenfritt bakekurs på Etterstad

Norges Cøliakiforening har i ei årrekkje arrangert bakekurs for folk med cøliaki og andre som ynskjar å lære seg glutenfri bakekunst. På måndag stod Etterstad vidaregåande som arena for dei bakeglade glutenallergikarane.

KOKKELERING: Norges Cøliakiforening har arrangert bakekurs sidan 1973.

Siv Haugsdal var ein av deltakarane på kurset, ho har hatt sjukdommen i ti år, og deltek på kursa for å bli inspirert til å lage nye bakverk. 

Siv Haugsdal kjem på kurs for å bli inspirert, og å møte andre likesinna. Foto: MARIE KNUTSEN BRUNTVEIT

— Eg kjem for å lære, det er jo vanskelegare å bake med glutenfritt mjøl enn vanleg kveitemjøl, og så er det ein flott arena for å møte andre med cøliaki, forklårar ho.

— På dette kurset var det mange som ikkje har cøliaki, men har folk i liva sine med sjukdommen, legg ho til. 

Norges cøliakiforening har sidan 1973 arrangert desse kursa, med varierande tematikk. 

— Eg har delteke på fire kurs trur eg, for ein månad sidan fekk eg vera med på eit kurs i indisk matlaging, det var veldig interessant, seier Haugsdal. 

Naudsynt med venteliste

Fylkesleiar for Cøliakiforeininga, Linn Kvalvik, er arrangør på fleire av kursa, og ho er nøgd med både oppmøte og resultat. I ein epost skriv ho at kursa blir raskt utsolgt, og det ofte blir naudsynt med ei venteliste. 

Ho legg til at dei arrangerar kursa for å hjelpe folk å komme igang med den glutenfrie bakinga. 

— Det er meistringskjensla av å få til glutenfri bakst, i dette tilfellet gjærbakst- som reknast som det mest avanserte innan glutenfri baking. At folk kjenner dei har lært noko, fått bakegleda og motivasjonen tilbake, at dei forstår teknikkar som bør og kan nyttast under baking, avsluttar Kvalvik. 

Fylkesleiar Linn Kvalvik kontrollerar at alt går slik det skal under bakinga. Foto: MARIE KNUTSEN BRUNTVEIT

Stikkord