Tilbyr gratis sol til trass for auka risiko for kreft
Noreg er i verdstoppen innan tal på tilfelle av føflekkreft, men kundar strøymde likevel til Den store norske soldagen
Kvart år arrangerar Brun og Blid ein soldag for sine kundar. I år blei den arrangert søndag 30. oktober. Alle solstudioa deira i Noreg tilbaud gratis sol frå klokka 12 til 23. På landsbasis var over 53.000 innom, det høgaste talet nokonsinne.
Samstundes melder Kreftforeninga at det har vore 2077 tilfeller av føflekkreft i 2015. Dette er den vanlegaste kreftforma i Noreg, og rammar oftast i aldersgruppa 25-50.
Mona Stensrud, spesialrådgjevar i Kreftforeininga, seier at bruken av solarium er ein kjent risiko som vi enkelt kan unngå.
– Rundt 90 prosent av tilfella innan hudkreft har samanheng med UV-stråling. All overdreven soling gir økt risiko for hudkreft, enten i sola eller i solariumet. Det er viktig å presisere at strålinga frå solarium er meir intens enn sola i Noreg, og ofte kjem bruken av solarium i tillegg til utesoling, seier ho.
Eigne doseringsplanar
Brun og Blid tilbaud gratis sol, der maksgrensa var ein time. Dette reagerer Stensrud på.
– Dette er ikkje bra. Sjølv Brun og Blid sine eigne doseringsplanar anbefaler maks 20-30 minutt, og det er for dei som har mørk hudtype, seier ho.
Daniel Rosnes seier at maksimal soletid i Noreg er 20 minutt, men at kundar kan velje å sole seg lenger.
– Vaktane på Den norske soldagen var instruert til å la kundene velje, men hadde moglegheita til å gje anbefalingar som føljer doseringsplanane vi har. Generelt anbefaler vi at kundane solar seg ti minutt, to gonger i veka for å få nok D-vitamin. Dette håper vi at dei føl.
Trekk fram helsegevinster
Positive og negative helsegevinstar av solarium er eit heitt tema. Mona Stensrud frå Kreftforeininga meiner solarium bør bli unngått.
Daniel Rosnes dreg fram dei positive helsegevinstane av sol, og seier at D-vitamin nettopp er grunnen til at Brun og Blid arrangerer gratis sol, på dette tidspunktet.
– Frå oktober til april blir all UBV frå sola i Noreg absorbert av ozonlaget, og ein får difor ikkje D-vitamin frå sola. For å halde D-vitaminlagra fulle må ein ete 500 gram fisk dagleg, eller ta 20-30 gram tran. Det er mykje. Alternativt kan ein ta sol ti minutt, to gonger i veka.
– I tillegg til å få D-vitamin, viser nyare forsking fleire positive helsegevinstar. Dette er utruleg spennande for oss. Blant anna viser forskinga at solbehandling får kroppen til å produsere eit molekyl som gjer at vi får brunfarge, lindrar smerte og gir ein føling av lykke. I tillegg inneheld det eit stoff som kan brukast i behandlinga av leddgikt og MS, fortel Rosnes.
Færre tar solarium
Mona Stensrud er enig i at sola gir helsegevinstar, men at overdreven soling gir høg risiko. Ho er glad for at det er eit synkande tal på kor mange som syns det er attraktivt å vere solariumsbrun.
– I 2014 var det 17 prosent som hadde tatt sol det siste året, og i år var det 14 prosent, fortel ho.
Daniel Rosnes bekreftar dette.
– Talet kundar har gått ned, men samstundes hadde vi besøkelserekord på soldagen i år. Det er mange faktorar som påverker talet kundar. Strengare handheving av 18 års regelen har heilt klart påverka. Samstundes har været mykje å seie. Dersom det har vore mykje fint vær eit år, går òg talet kundar ned, seier Rosnes.
Redusere døyelegheita i staden for førekomsten
Kreftforeininga, saman med Helsedirektoratet, ynskjer strengare handheving innan bruken av solarium. Noreg ligg i verdenstoppen blant døyelegheit innan føflekkreft. På Kreftforeninga sitt høyringssvar kjem det fram at 85% av føflekkrefttilfella skyldast sol-eksponering, medan 9,4% kjem frå solarium. Kreftforeninga meiner at det er viktig å få på plass ein nasjonal UV- og hudkreftstrategi. Eit av dei moglege tiltaka er regulering av solariumsbruk.
Daniel Rosnes, kontaktansvarleg i Brun og Blid, meiner Kreftforeininga har feil fokus.
– Fokuset til Kreftforeininga og Helsedirektoratet er å redusere førekomsten i staden for døyelegheita. Dette meiner eg er umogleg. Dersom solarium skulle bli forbudt, vil førekomsten framleis vere høg på grunn av utendørs soleksponering.
– Døyelegheita av føflekkreft er utruleg stor her i Noreg. Dette syns eg syns er paradoksalt då det er ein av dei krefttypane som er enklast å behandle dersom det oppdagast tidleg. WHO (World Health Organization) har også uttalt at det å redusere døyelegheita av føflekkreft bør vere ein prioritet i vestlege land, seier han.
Strengare kontroll av aldersgrense
I 2012 blei det innført aldergrense på bruk av solarium. Daniel Rosnes seier vaktene på Den norske soldagen fekk streng beskjed om å vise vekk kundar som var under 18 år.
Frå 01.01.2017 vil det også innførast strengare alderskontroll på sentera til Brun og Blid. Mona Stensrud fortel at det er utruleg viktig for Kreftforeininga at dette følgast skikkeleg opp.
– Me forventar at det vil vere strenge kontrollar og tilsyn, og at myndigheita skal evaluere om systema fungerer slik dei skal, seier Stensrud.
Brun og Blid har også iverksett tiltak som skal gjere systemet betre.
– For å imøtekome dette så har me lansert ein ny app og satt ut nye automater ved solsentera. Desse vil sjekke alder på brukaren. Eit av fokusområda på soldagen i år var å informere om aldersgrensa og vise fram dei nye systema, fortel Daniel Rosnes.
Den store norske soldagen blir arrangert i samband med at klokka stillast til vintertid, melder Brun og Blid på sine nettsider.