Trumps 100 første dagar som president
Natt til tysdag lanserte Donald Trump ein video der han fortel kva han vil gjere dei 100 fyrste dagane som president.
Blant dei viktigaste endringane, er det at Trump vil trekkje USA ut frå stillehavssamarbeidet TTP, dette melder NRK.
Han vil avblåse miljømessige restriksjonar, og vil oppheve restriksjonar på energiproduksjon som han meinar kan skaffe nye arbeidsplassar.
Han vil beskytte amerikansk infrastruktur mot dataangrep, og innføre nye lobbyist-forbud. Trump vil òg be arbeidsdepartementet undersøkje visumsvindel hjå utenlandske arbeidstakarar.