Tsunamivarsel oppheva
Høge bølgjer traff austkysten av Japan etter jordskjelv mondags morgon.
Like før klokka seks mondags morgon, lokal tid, vart det utløyst eit jordskjelv utanfor austkysten av Japan. Skjelvet målte 6,9 i følge den amerikanske jordskjelvsenteret USGS.
Etter skjelvet vart det varsla tsunamivarsel, men dette varselet er no oppheva, melder NTB. Den høgste bølgja som traff land var på 1,4 meter og traff bukta i Sendai.