Tusenfryd er tilfreds med jubileumssesongen

Ein sesong med strålande sommarvêr har ikkje sett ein stoppar for besøkstala til Tusenfryd.

Årets sesong er den 30. i rekka på Tusenfryd. Ny VR-attraksjon kan ha mykje av æra for den gode sesongen.

– Det har vore ein ganske god sesong, til tross for det fine sommarvêret. Eg trur vi mista om lag 20.000 gjester som følge av at folk heller valde strand- og båtliv i sommar, seier markedssjef Erik Røhne Andersen. 

Han fortel at årets resultat er om lag det same som fjoråret, med rundt 450.000 besøkande.

VR-briller reddar sesongen

Ein ny attraksjon med VR-briller trur han har gjort eit positivt utslag på gjestane. 

– I år har vi hatt ei nyheit med VR-briller på ei eksisterande berg og dalbane, Western Expressen. Den har nok hjulpe oss til å kompensere for dei gjestane vi mista i det varme sommarvêret, fortel Andersen. 

Det går no mot slutten av sesongen, og i desse dagar er det halloween-tema i parken. 

–For tredje året på rad har vi halloween i parken. Halloween-konseptet starta i haustferieveka og varer fram til vi stenger portane for årets sesong. Vi tykkjer dette konseptet har vore ein suksess. No kan vi tilby noko til heile familien, sjølv etter høgsesongen.