Må ha sponsorar for å kunne satse
Med ei landslagsløn som er langt lågare vanleg arbeidslønn, er skiskyttarane heilt avhengige av private sponsorar for å kunne satse på idretten.
– Eg lev av eigne sponsorar. Dersom ein ikkje har eigne sponsorar, så har ein det faktisk utruleg tøft sjølv om ein er på landslaget, sa Johannes Thingnes Bø til TV 2.
Landslagsløna er lågare enn vanleg arbeidslønn, og derfor er skiskyttarane avhengig av andre inntekter enn frå forbundet.
– Vi får 120.000 kroner i løn frå Norges Skiskyttarforbund. Resten av inntekta kjem frå private sponsorar og premiepengar, fortel Thingnes Bø til Journalen.
Viktig støttespelar
Thingnes Bø seier han er takknemleg for sponsorane sine.
– Dei bidrar økonomisk, og i gjengjeld gjev eg bedrifta sine tilsette tilhøyrighet til meg via sponsoratet. Eg kan dra nytte av strukturen og innsatsen i ei bedrift, og kanskje eg kan hjelpe tilbake med vilje, råskap og motivasjon for å legge ned ein innsats for å nå målet.
Han legg til at han prøvar å gjere sponsorane synlege i media.
– Eg er prøvar så godt eg kan å få fram logoen til bedriftene på TV, i aviser og på sosiale medier, seier Thingnes Bø.
Også storebror Tarjei Bø fortel at sponsorane er avgjerande for at han kan satse 100% på idrett.
– Utan vanleg jobb, er sponsorane mine ein type arbeidsgjevar og eg er veldig opptatt av å gje tilbake så mykje eg kan. Eg har sponsorar som har støtta meg i fleire år, og vi har eit veldig nært og bra forhold, seier Bø.
Bygging av merkevare
El-Proffen og ColliCare er to av selskapa som sponsar skiskyttar Tarjei Bø. Bygging av merkevare og profilering av bedrifta er nokre av grunnane til at selskapa vel å sponse idrettsutøvarar.
– Vi har ein strategi om å bygge opp ei sterk merkevare i Norge og vi brukar fleire mediekanalar til dette formålet. Deriblant sponsorat med idrettsutøvarar, fortel Trond Salvesen, marknadsansvarleg i El-Proffen.
ColliCare håpar eit sponsorat vil hjelpe å bygge merkevara til bedrifta. Dei fortel kvifor dei valde å sponse nettopp Bø.
– Tarjei er ein sympatisk kar som vi gjerne vil assosierast med. Han er mykje i media og såleis får vi profilert merkevara vår, seier marknadssjef i ColliCare, Camilla Skjervold.
Utøvarane gjev tilbake
Utøvarane som blir sponsa, må ofte gje noko tilbake til sponsorane. Ulike avtalar sikrar sponsorane å kunne bruke utøvaren i diverse oppdrag. Både ColliCare og El-Proffen fortel at Bø still opp for sponsorane.
– Tarjei deltar på ein del interne arrangement vi har. Vi kan bruke han i vår kommunikasjon og profilere bilane vi har med motiv vi har laga i samarbeid med Bø. Vi treff også Tarjei i etterkant av konkurransar i Holmenkollen, seier ColliCare.
El-Proffen kan bruke Bø internt på arrangement og eksternt i kampanjar retta mot kundar.
Ulik varighet på sponsoravtaler
Dei ulike sponsorane har forskjellig varighet på sponsoravtalane. El-Proffen fortel at dei dei har ei fast varighet på sponsorat.
– Vi har kun sponsorat som varar i eitt år, med opsjon på å forlenge samarbeidet, forel Salvesen.
ColliCare fortel dei er kjent med at ei sponsoravtale kan vare frå eitt til fire år.
Utøvaren tok kontakt
Å få til ei sponsoravtale er ofte ikkje lett, og utøvarane er sjølve aktive i prosessen med å inngå avtalar med sponsorar. Både ColliCare og El-Proffen fortel at utøvaren sjølv tok kontakt med dei.
– Som oftast tar utøvaren sjølv kontakt, enten direkte eller via manageren. I dette tilfelle tok utøvaren sjølv kontakt med oss, fortel Salvesen i El-Proffen.
Journalen har snakka med folk på gata om sponsing av idrettsutøvarar. Høyr saka her: