Skrur opp prisane
Sidan starten av oktober har butikkar i Norge justert opp prisen på mange av varene sine. Det er ikkje tilfeldig.
Black Friday nærmar seg med stormskritt. Om knappe tre veker går årets største tilbodsdag av stabelen. Butikkane skal setje ned prisane på ei mengde varer, og forbrukarane kan gjere gode kjøp – dersom dei følger med. For det er ikkje alle tilboda som er like gode som dei ser ut. Før den store dagen har butikkane nemleg justert opp prisane på varer for å lokke med gode tilbod seinare.
– Butikkane forbereder seg og aukar prisane no. Dette gjer dei for å seinare ha ein høgare pris å samanlikne med, og på den måten vise høge rabattar, seier Christoffer Reina i Prisjakt.
Brei prisauke
Sjefen i Prisjakt Norge fortel til Journalen at 15 prosent av alle varer har auka med meir enn ti prosent den siste månaden. Innan fleire kategoriar som lyd og bilete, skjønnheit og helse, samt sko, klede og tilbehøyr er auken spesielt stor. Her har om lag ei av tre varer auka i pris. Reina meiner butikkane bør vere tydelegare.
– For forbrukaren vert dette utruleg utydelig og det vert vanskeleg å ta gode kjøpsbeslutningar. Det skaper også eit tillitsproblem mellom butikk og kunde, som ikkje er bra for butikkane i lengda, seier han.
Uvitande kundar
Kundane som var på besøk hjå Power måndag ettermiddag var uvitande om prisauken. At produkt har vorte sett opp med fleire hundre kroner overraska dei fleste.
– Eg synes det er viktig at butikkane er ærlige med kundane. Mange kan verte lurt når dei trur dei får store avslag på produkt. Det er i alle fall noko som hadde lurt meg, seier ein kunde.
Ho legg til at det uansett er kunden sin jobb å følge med, men trur at butikkane kan skape ein betre relasjon til kundane gjennom å vere ærlige.
– Ærligheit varer lengst!