Kyrkja får irettesetjing
Den norske kyrkje henta inn fødselsmeldingar utan tillating.
Datatilsynet har sendt ei irettesetjing til Den norske kyrkje etter at fødselsmeldingar frå medlemmar sine barn vart innhenta frå Folkeregisteret etter at tillatinga var opphøyrd. Det melder TV2 i ettermiddag.
Saka starta ifølgje Datatilsynet med ei klage frå Human-Etisk Forbund på vegne av åtte klagarar i 2020. Desse klaga på at borna deira var registrerte i Den norske kyrkje utan at dei visste om det, eller at hadde meldt dei inn i kyrkja. Den norske kyrkje innhenta informasjonen frå Folkeregisteret i halvannan månad etter at tillatinga var opphøyrd. No har Datatilsynet vedteke ei irettesetjing.
– Vi beklager at kyrkja innhenta fødselsmeldingar frå Folkeregisteret i seks veker i 2018 og at informasjonen om korleis fødselsmeldingar vart brukt ikkje var god nok, seier Jan Rune Fagermoen. Han er avdelingsdirektør for HR, utvikling og digitalisering i Kirkerådet.
Fagermoen legg til at irettesetjinga frå Datatilsynet er forventa frå deira side, og at dei ikkje kjem til å klage på vedtaket.