Hukommelse i ei kunstig tid

Ifølgje doktorgradskandidaten Rolf Magnus Grung er bruken av kunstig intelligens (KI) blant studentar ein dårleg vane.

Bilete av studentar på bibliotek

UTVIKLING: Nye studieteknikkar endrar måten studentar arbeider med pensum på.

Journalen har snakket med studentar om kva slags studieteknikkar dei brukar for å kome seg gjennom pensumlitteratur. Fleire svarar at dei brukar KI som ein personleg lærar.

Grung seier at det kan vere kjedeleg å lese, men anbefaler at studentar samles for å lese saman og diskutere pensum.