– Det e hær æ høre tel, førr faen!
Kva har «nordnorsk mål på nordnorsk scene» å seie for publikum? Kristian Fr. Figenschow er usikker på om han hadde vore skodespelar om han ikkje kunne brukt sitt eige mål på scena.
Langs kaia, saman med slitte, gamle brakkebygg, varmeanlegg og ein stor, grå, grusfylt parkeringsplass, står det noko som lignar eit mørkt skinande legobyggverk. Hålogaland Teater. Måseskrik og sjølukt slår innover frå Tromsøysundet og blir sterkare og sterkare, jo nærare du kjem teateret.
Eg har vore i dette bygget, som eg har vakse opp med å kunne sjå frå stogevindauget, mange gonger. Men det er først no som eg har flytta heimanfrå, at eg har skjønt at det er noko som gjer dette teateret spesielt for meg. At det har noko eg ikkje kan få på andre teater.
– Finst nok av flåse-søringteater
Den gylne, nordnorske ettermiddagssola legg eit oransje lys over Tromsøysundet. Dei mange vindauga slepp utsida inn i teaterfoajeen som er fylt med nordnorsk summing.
Ei dame i ein svart glitrande topp og ein man med sixpence sit med kvart sitt vinglas og ventar på at dørene til salen skal opne. Dei er medskuldige i summinga. Eva Anzjøn og Tom Arne Hermansen har begge fleire ringar i øyra og like pilotbriller med blanke glas. Dei er samde om at dei set stor pris på å kunne høyre si eiga dialekt på scenen.
– Det finst nok av flåse-søringteater i Oslo, seier Hermansen.
Anzjøen ler av påstanden til følgjet sitt. Men Hermansen argumenterer med at det blir sett opp Fjols til fjell og Annie tre gonger i året i Oslo. Sjølv ser han verdien av eit nordnorsk regionteater.
– Det e jo hær vi høre tel, førr fan, siterer han undertittelen til teaterstykket som er på plakaten denne kvelden. Hermansen meiner teateret gjer rett i å spele med eit nordnorsk scenespråk.
Stykket dei ventar på å sjå heiter Markens lille grøde. Det er eit einmanns-show med skodespelaren Kristian Fr. Figenschow og handlar om nordnorsk forteljartradisjon.
Anzjøen og Hermansen sit i foajeen på Hålogaland Teater, som for 55 år sidan blei oppretta i Tromsø som Noregs første regionteater. Den gongen måtte alle replikkar formidlast på nordnorsk, uansett kor skodespelaren kom frå. I dag er språkbruken på scenen meir variert, men det nordnorske står framleis heilt sentralt hos teateret.
– Her blir vi heven ut
Over ein høgtalar ønskjer ei nordnorsk stemme velkomen til framsyninga og fortel at inngangen er via havsida.
– Her blir vi heven ut med ein gong, ler Hermansen til Anzjøen, og dei to tek med seg kvar si jakke og går mot utgangen.
Lukta av Tromsøysundet møter publikum igjen når dei må gå ut av foajeen for å kome til teatersalen.
Inne i salen står eit bord og to stolar framfor ein vegg med nokre hyller fylt med mellom anna bøker, koppar, ein byste av ein mann og ein fisk.
På bakarste rad sit det ei eldre dame med kort, grått hår. Ho har på seg jakka under heile framsyninga og held veska i fast tak med begge hendene.
Publikum veit at skodespelaren Kristian Fr. Figenschow må vere i nærleiken, for han ønskte alle velkommen på veg inn i salen, men scenen er heilt mørk. Før han plutseleg ikkje er det lenger, og med lyset kjem også songen «I feel good» og synet av Figenschow.
– Å guri! Ha-ha, kjem det frå den eldre dama på bakarste rad, som saman med resten av publikum skvatt til av opninga på stykket.
På alles hyller
Figenschow tar med seg ei bok frå ei av hyllene på scenen og går mot publikum mens han held ho opp og fortel:
– I alle nordnorske heimar fanst det som regel i alle fall to bøker på hylla. Bibelen og Vett og uvett.
Dama på bakarste rad nikkar på hovudet, og gjennom heile salen breier det seg bekreftande «mhm» og kviskrande «ja».
Vett og uvett er på mi hylle òg. På det tronge rommet i kollektivet kor eg bur i Oslo, står boka, uopna. har eg boka skriven av Einar K. Aas og Peter Wessel Zapffe ståande. Eg veit at boka er noko alle frå Nord-Noreg bør lese, men eg har ikkje gjort det.
Boka er ei samling av fleire humoristiske forteljingar frå Troms og Nordland, skriven av Einar K. Aas og Peter Wessel Zapffe. Ho er skriven verken på bokmål eller nynorsk, men ho er «ein fonetisk nordnorsk dans» av ei bok, fortel Figenschow frå scenen. Til dømes skriv Zapffe i «Fesken»:
«Æg feska då ei vikka og dyska de kor han beit. Han rejnnte i makken høre du så han tok halve gutten og ångalen kom ut igjønna gatte!»
Det er nettopp dette nordnorske språket som har vore heilt sentralt i historia til teateret i Tromsø. «Nordnorsk mål på nordnorsk scene» var visjonen til mannen bak teateret, Lars Berg, som var initiativtakar for Hålogaland Teater i si tid.
Den store omsettaren
Om ein snakkar om det nordnorske språket på Hålogaland Teater, er det eit namn som nesten utan unntak dukkar opp – Ragnar Olsen, den store omsettaren.
Olsen flytta til Tromsø i 1977 og blei gjennom visemusikken kjend med fleire på det nyoppstarta teateret. Då blei han spurd om han kunne omsette nokre songar til nordnorsk til eit stykke dei skulle sette opp. Sidan den gong har det balla på seg, og han har omsett ei rekke teaterframsyningar til nordnorsk. Han har hatt omsettingsoppdrag om lag kvart år, «så det blir ein del», konkluderer han sjølv.
Olsen påpeikar at det ikkje er noko som heiter «nordnorsk dialekt», men at det vrimlar av nordnorske dialektar. I sine omsettingar skriv han som regel ein generell Troms-basert dialekt.
– Då eg jobba med Jon Fosse, brukte eg ein litt eldre Senja-dialekt, slik eg kjenner han. Fosse hadde eit absolutt vilkår, og det var at ein skal ikkje si «æ», og det forstår eg. Men på innersida av Senja, der finn ein dialektar kor dei seier «eg», og som elles er ganske nynorsk-nære, fortel Olsen.
– Det å klare å formidle essens er det viktigaste. Ein greier ikkje å få med alle orda, ein må gjere nokre val undervegs.
Olsen nemner Shakespeare sine tekstar som døme på noko som kan vere utfordrande å omsette, men han prøver vanlegvis å tenke: Korleis ville Shakespeare ha uttrykt seg på norsk? Og for eit publikum i dag?
– Ein teatertekst, den må formidlast. Den må formidlast munnleg, frå skodespelar til publikum, i notid.
Dei som var med og oppretta teateret i 1971 hadde eit mål om å bryte den «fjerde veggen», og å kommunisere med publikum som sat i salen. Då var det naturleg å snakke same språk som publikummet. Dei jobba også med å finne ut kva som var viktig for dei som såg på og sette ofte handlinga inn i ein nordnorsk kontekst, for å gjera historia meir verknadsfull.
Nærleiken til språket
I strategiplanen til teateret er det ei overordna målsetting å «gi folket i nord teateropplevelser på høyeste nivå».
– For at folk i nord skal kunne kjenne seg igjen og identifisere seg med det vi spelar, er språket ein viktig del. Sånn tenker eg i alle fall – at ein ikkje må bli framandgjort i språket, seiar teatersjefen på Hålogaland Teater, Morten Kjerstad.
Kampen for å få nordnorsk språk på nordnorsk scene, som mellom andre Lars Berg kjempa for, står veldig sentralt hos teateret også i dag.
– Det er veldig jorda i oss på Hålogaland Teater. Det ligg implisitt i oppdraget vårt, det med språket. Utan at det står nedfelt nokon stad at vi skal ivareta det nordnorske språket, ligg det der veldig sterkt forankra.
I teaterfoajéen, før framsyninga til Figenschow starta, diskuterte Anzjøen og Hermansen nettopp korleis språket kunne tilgjengeleggjera teateret.
– Neimen, det passe sæ sånn, meiner Hermansen.
– Æ føle æ får ei tilknyting til det som spilles på scenen, utfyller Anzjøn og legg til:
– Då har man ikkje den distansen mellom kultureliten og oss vanlige.
Men på teateret i dag høyrer ein meir enn berre det nordnorske språket.
– Eg tenker at det er nokre framsyningar, konsept og prosjekt der det skal vere nordnorsk språk, spesielt med til dømes klassikarar med rim og rytme. Då må det omsettast og skodespelarane må lære seg å snakke nordnorsk, meiner teatersjefen.
– Men viss det ikkje er eit kunstnarisk poeng, og det er skodespelarar frå heile landet, så kan det vere at det treffer publikum betre at dei snakkar si eiga dialekt.
Kven er byen i dag?
Tidlegare på dagen, på ein annan scene på teateret står nokre tilsette rundt eit stort tre. Dei diskuterer og prøver ut kor det kan vere naturleg å plassere greinene på treet.
Ei dame med lyseblå snekkerbukser over ein lyseblå genser og med ei lyseblå lue klatrar ned frå toppen av treet. Ho, Kristine Henriksen, står på scenen saman med tre andre damer og diskuterer noko med dei få som sit på seta i amfiet.
Henriksen, som er frå sørlandsbyen Farsund, har hovudrolla i stykket Ikke! som snart skal ha premiere på teateret.
– Kan jeg bare spørre om en kjapp detalj?, spør Henriksen.
Ho får litt regi før dei gjer seg klare til ei prøve frå starten av stykket.
– Å versågod, seier regissøren med rogalandsdialekt.
– Træet, ropar Henriksen, utan skarre-R og med nordnorsk tonelag.
Då Henriksen kom til teateret for over 26 år sidan måtte sørlendingen, som alle andre på den tida, formidle replikkane på nordnorsk uansett kva. I dag er det annleis. I dag er det heilt naturleg at skodespelarane får lov å spele med si eiga dialekt.
– Eg tenker jo at det er ein styrke at det no er ein større variasjon i dialektar på Hålogaland Teater. Fordi det også gjenspeilar det samfunnet vi har i Tromsø og Nord-Noreg i dag, seier Henriksen.
Likevel vel Henriksen ofte å spele på nordnorsk. For ho handlar det om kva for dialekt som på best måte vil formidle den historia ho ønsker å fortelje.
– Eg synest nordnorsk er eit vakkert scenespråk som eg ofte brukar. Og det kjennest naturleg å bruke det.
I framsyninga dei øver på, som handlar om barnet Tiki, spelar Henriksen på nordnorsk fordi ho er komfortabel med det, men også fordi ho vil at barna som kjem for å sjå stykket i Tromsø skal kunne kjenne seg igjen.
Dumme søringar
Tilbake på kjøkkenet til Figenschow formidlar han den eine etter den andre fortellinga med rett rygg og fornøgde smil, og latteren sit laust hos publikum under heile framsyninga. Spesielt godt ler dei når Figenschows punsj-line går ut på at søringa e dumme.
– Kjøss mæ i ræva fra Kirkenes til Lindesnes. Tur-retur, seier Figenschow etter ein vits.
Rå latter fyller igjen salen. Figenschow ler med.
– Den va god!, kjem det frå den eldre dama på bakarste rad som gjennom heile framsyninga har hatt auga klistra mot scenen.
Eg ler eg og. Utan at eg heilt skjønar kvifor, er det noko deileg attkjenneleg med det Figenschow formidlar. Eg veit ikkje om det er det han seier, eller måten han seier det på, eller kanskje det er summen av det. Men eg må innrøme at eg synest det er godt å kunne le av dei dumme søringane i eit rom med andre som også skjønar kvifor det er teit at det dei har spelt inn filmatiseringa av Markens grøde på Vestlandet.
– Dialekta mi er min motor
Dama, som framleis har jakka på, slepp veska i fanget og klappar heftig i det framsyninga tar slutt.
Raud i kinna og med sveittedropar rennande i panna, kjem Figenschow ut frå bak scenen etter at dei fleste i publikum har forlate salen. På scenen set han seg ned på den eine stolen som om det er på hans eige kjøkken.
Figenschow er sjølv tromsøværing, og for han er det nordnorske språket uunnverleg på scena. Han har vore skodespelar på Hålogaland Teater sidan 1989.
– Dialekta mi er min motor, eg veit ikkje om eg ville vorte skodespelar om eg ikkje kunne spelt på nordnorsk.
Figenschow viser meg etter kvart ut av den mørke teatersalen, og ute er det framleis lyst. Den sure sjølukta er like til stades, men det kjennest godt. Det e jo hær æ høre tel, førr faen!, tenker eg, og på vegen heim bestemmer eg meg for at no får eg vel lese Vett og uvett.