Kor skal eg gjera av kroppen?

Eg trudde det vanskelege skulle vera å bli sett naken. Så måtte eg handhelsa.

Bilete av Oslo Naturistoforeininga sin brettspelkveld heime sjå leiaren Helle Linné Eriksen

KVELDSANTREKK: Rundt bordet er kleda borte. Det same er etter kvart mykje av poenget med at dei er det.

– Hei.

Ei hand kjem mot meg. Eg ser først handa, så ansiktet, og på vegen mellom dei to får eg sjølvsagt med meg resten av kroppen. Han har ikkje klede på. Det har ikkje eg heller.

Eg bruker kanskje eit halvt sekund for lenge før eg rekkjer fram mi eiga hand. Høflegheitsreglane gjeld tydelegvis framleis. Ein naken framand skal òg sjåast i auga, helsast på og få namnet mitt.

– Olivia.

Me handhelsar.

Fleire kjem inn i kjøkkenet til Helle Linné Eriksen, leiar i Oslo Naturistforening. Nye hender, nye ansikt, nye kroppar. Eg har handhelsa på hundrevis av menneske før utan å tenkja over kor behageleg anonym resten av kroppen får vera når han er pakka inn i klede.

Her finst ikkje den luksusen.

Tre kvite lamper heng over det lange trebordet. Bak står eit kjøkken i gult, raudt og lilla, med bøker, glas og raude gryter i hyllene. Helle har knytt eit raudt forkle rundt livet og går mellom vaffeljernet og bordet. Atle Rigstad kjem inn med ein stor, svart bag med brettspel, David Ernesto finn plass ved sida av meg, og Dag Bryn og Bjarne Roe set seg rundt bordet.

Eg prøver først å ikkje sjå. Det går dårleg.

Ein naken kropp er ganske mykje kropp. Ein rygg bøyer seg fram etter ein kopp. Pupper kviler mot underarmar. Ein mage foldar seg når eigaren set seg. Ei rumpe passerer på veg mot kjøkkenet. Ein penis dukkar opp når nokon reiser seg og forsvinn att under bordkanten. Det er ikkje slik at eg aldri har sett ein penis før. Eg er berre uvand med at ein plutseleg finst mellom ein kaffikopp og ein tallerken med vaflar.

Eg bestemmer meg for at det må vera forskjell på å sjå og å stirra. Problemet er at ingen har fortalt meg nøyaktig kor grensa går.

Det er likevel ikkje blikket som plagar meg mest. Eg frys. Når fleire kjem inn, må me sitja tettare. Eg vil helst ha litt luft rundt meg sjølv. Ikkje eit framandt lår mot mitt eige eller ein arm over brystet når nokon skal nå teen. Med klede hadde eg neppe registrert fem centimeter frå eller til.

No kjenner eg dei.

Eg hadde førebudd meg ganske grundig på å vera naken framfor framande. Eg hadde førebudd meg langt dårlegare på å sakna ein genser og grenser.

Av med resten

Nokre veker tidlegare stod eg åleine i damegarderoben på Linderud bad og brukte altfor lang tid på å kle av meg. Buksa først, så genseren. Resten.

At garderoben var tom, kjendest først som flaks. Så innsåg eg at det òg betydde at ingen kom til å avbryta meg medan eg drog prosessen ut. Til slutt stod eg att i eit par brune flipfloppar utan fleire praktiske oppgåver å gøyma meg bak.

Eg blei ståande litt.

Det var ikkje som om eg plutseleg oppdaga min eigen kropp. Eg har sett han før. Det var tanken på at eg skulle opna døra og gjera han til noko andre òg kunne sjå.

Magen. Brysta. Kjønnshåra.

Om eg burde halda inn magen.

Så kor jævlig slitsamt det ville vera å gå rundt og halda inn magen gjennom ein heil symjekveld.

Eg opna døra.

Det mest uvanlege varer berre ei stund

To menneske var i vatnet. Helle stod på land. Alle var nakne, og ingen gjorde noko nummer av at eg òg var det. Ingen stoppa opp. Ingen såg meg demonstrativt frå topp til tå.

Eg gjekk uti og oppdaga nesten med ein gong eit større problem enn magen: Eg kan ikkje symja.

Ein mann med langt skjegg tok på seg oppgåva. Først måtte eg bli trygg i vatnet, forklarte han, noko eg framleis meiner er eit optimistisk utgangspunkt for ein person med vasskrekk. Eg fekk eit symjebrett og byrja å sparka med beina medan han forklarte kva eg skulle gjera.

Brettet gjekk fortare enn resten av meg.

I garderoben hadde eg brukt fleire minutt på korleis kroppen såg ut. I bassenget var den same kroppen redusert til eit ganske dårleg framkomstmiddel. Eg måtte sparka, pusta, halda meg oppe og helst unngå å fylla nasen med klorvatn. Ei kvinne øvde òg saman med barnet sitt på å symja, medan andre prata langs kanten.

Bilete av Bjarne Roe som har ein nippelpierceing og på den har han hengt nøkkelen sin til skapet.
INGEN LOMMER, INGEN PROBLEM: Bjarne Roe treng verken lomme eller nøkkelknippe. Skapnøkkelen heng der han veit han ikkje gløymer han. Foto: Olivia Szlage.

Ingen såg ut til å bry seg særleg om det vaksne mennesket som klamra seg til eit symjebrett.

Det var nesten fornærmande kor lite interessant min eigen nakenheit viste seg å vera.

Ein penis og ein vaffel

Tilbake rundt kjøkkenbordet har eg ingen fare for å drukna. Dermed får hjernen kapasitet til å bli oppteken av kropp igjen.

Helle steiker vaflar. Atle har fått fram Landmarks. David sit framleis ved sida av meg. Helle held opp ein av dei runde koppane sine og forklarer at han er laga for å ligga godt i handa. Ein bør helst prøva før ein kjøper.

Tafsa litt på han.

– Kva for ein tafsekopp tafsar du på?

Dag har prøvd begge.

Det blir latter rundt bordet.

Så skjer noko med kroppane. Dei sluttar ikkje å vera nakne, men dei sluttar sakte å vera det første eg ser. Bryst, mage, rumpe og penis blir festa tilbake til menneska dei høyrer til. Mannen ved sida av meg er ikkje lenger først og fremst ein naken mann. Han er David, som akkurat no er langt meir interessert i ein vaffel med bringebærsyltetøy enn i at penisen hans er synleg.

Atle skriv eit ord på ei spelebrikke med ein tusj han mislikar.

– Dei er onde.

David bøyer seg fram.

– Gjedde?

– Gjerde.

Atle peikar på bokstaven som skal vera ein R. Rundt bordet meiner fleire at gjedde hadde vore eit betre ord.

Ein stad mellom vaffelen, den nakne mannen ved sida av meg og Atle sin elendige R sluttar eg å avgjera kor det er lov å sjå. Eg ser folk i ansiktet når dei snakkar, på hendene når dei flyttar noko og ned på bordet når eg et. Og sjølvsagt ser eg pupper og penisar òg. Eg har berre slutta å oppføra meg som om eg ikkje gjer det.

No er ikkje problemet kor eg skal ha blikket. Problemet er kva faen Atle meiner med gjerde.

Heilt alminnelege kroppar

Før eg nokon gong hadde sett Helle naken, sat me ved det same bordet med klede på og drakk te. Me gjekk gjennom premissa for reportasjen og kom inn på kroppane me vanlegvis får sjå.

Helle meiner utvalet er for snevert. Kroppane i reklame, film og sosiale medium er gjerne valde ut før dei blir stilte opp og redigerte. Naturismen kan ikkje bli endå ein arena berre for dei som allereie liknar idealet, meiner ho.

– Det er viktig å sjå heilt alminnelege kroppar.

Ho kallar det folkehelse.

På Linderud forstod eg ikkje heilt korleis det skulle fungera. Eg vurderte jo kroppane eg såg. Min eigen mest av alt. Men etter fleire møte med foreininga forstår eg i alle fall noko av mekanismen. Éin naken kropp kan ta opp eit heilt rom. Når alle er nakne, må dei etter kvart finna noko anna å vera interessante på.

For David blir det vaffelen. For Atle ein tusj.

For meg blir det etter kvart kva kroppen faktisk kan gjera.

Nokre centimeter

Nokre dagar seinare står eg naken på ei yogamatte på Ryen Kampsport.

Her skiftar alle i sjølve treningsrommet. Undertøy, bukser og genserar ligg langs veggen. Tjukke blå matter og slagputer står rundt rommet, medan ein svart treningsfigur med armane rett fram er det mest påkledde menneskeliknande objektet her inne.

Eg legg matta mi på golvet, ser på avstanden til den neste og flyttar henne litt. Ikkje mykje. Berre nok til at eg framleis har litt luft rundt kroppen.

Yogainstruktør Anette Lunde Kristensen stiller seg framfor gruppa.

– Rull med skuldrene.

Skuldrene går rundt.

– Hugs å pusta.

Det høyrest overkommeleg ut heilt til resten av kroppen òg skal vera med. Pusten skal inn når me går éin veg og ut når me går ein annan, samtidig som føter, kne, hofter og armar helst skal enda omtrent der Anette vil ha dei.

Så skal me stå i treet. Ein fot opp mot innsida av det andre beinet, armane over hovudet og blikket festa på eitt punkt.

Bilete av yogaen med Oslo Naturistforening.
INGEN STAD Å GØYMA SEG: Når kleda er borte, står balansen att. Foto Olivia Szlage.

Eg løftar foten. Han kjem ned igjen.

Rundt meg står nakne menneske på eitt bein og prøver å finna indre ro. Ein fot sklir, ei hand flyg ut, ein kropp tippar og rettar seg opp. Magar strammar seg når tyngdepunktet flyttar seg. Tær grip mot golvet. Pupper flyttar seg når armane går opp, og rumper spenner seg når vekta går frå to bein til eitt.

Eg merkar mine eigne bryst òg. Min eigen mage. Min eigen rumpe. Forskjellen er at eg ikkje har særleg mykje kapasitet til å vurdera korleis noko av det ser ut. Kroppen min har nok med å ikkje velta inn i personen ved sida av.

Det viser seg å vera jævlig vanskeleg å vera sjølvmedviten om magen samtidig som ein prøver å halda balansen.

– Er det stille oppi her? spør Anette og peikar mot hovudet.

– Ja, svarar nokon.

– Sjå, det verkar!

Ikkje hos meg. Eg har nok med foten.

Anette fortel om nakne menn ho såg ved eit tempel i Nepal, innsmurde i oske og ståande i yogastillingar i timevis. Ein deltakar foreslår at me kan stå slik i fire timar. Det blir latter. Ein fot fell ned.

Heldigvis går me vidare.

Me bøyer oss fram, ned på matta, opp att og vidare. Rommet blir fullt av ryggar, rumper, kne og fotsolar i stadig nye vinklar. På eit tidspunkt hamnar hovudet mitt omtrent i rumpehøgd på personen framfor. Eg rekk å registrera det før ryggen byrjar å protestera og gir meg noko anna å tenkja på.

Seinare ligg me med panna mot matta. Frå golvhøgd finst det knapt heile kroppar lenger, berre delar: ein fot, eit kne, ei hand med ring, hår som fell nedover ein rygg.

– Eg trudde yoga skulle vera avslappande, seier eg.

Anette meiner eg truleg tenkjer på yin-yoga.

Det gjer eg tydelegvis.

Rumpa di er framleis di

Etter timen fortel Anette om ein av dei første nakenyogatimane. 22 personar møtte opp, og mattene låg for tett.

– Ein treng ofte større plass når ein er naken.

Eg ser på mellomrommet eg sjølv laga mellom matta mi og den neste. Så det var ikkje berre meg.

På Linderud hadde Helle forklart at kvinner og menn kan bruka begge dusjane. Det betyr ikkje at alt blir felleseige. Skal ei naken rumpe ned på ein stol andre skal bruka, skal det liggja eit handkle imellom.

Kleda forsvinn. Rumpa di er framleis di.

Hud mot luft

Til slutt ligg alle på ryggen. Ingen fot skal balanserast, og ingen arm skal haldast oppe. Anette ber oss leggja merke til pusten, temperaturen og lufta mot huda.

Eg har stort sett tenkt på klede som noko som skjuler kroppen. Først no slår det meg kor mykje dei òg skjermer han. Dei ligg mellom låret mitt og eit anna lår, mellom ryggen og golvet, mellom huda og kald luft. Utan dei kjenner eg meir enn blikk.

Bilete av yogaen med Oslo Naturisforeining
NED PÅ JORDA: På Ryen Kampsport forsvinn mykje av sjølvmedvitet når panna møter matta og rumpa peikar rett opp. Foto: Olivia Szlage.

Etterpå snakkar Anette om retusjering, posering og alle dei små grepa me bruker når me får bestemma korleis kroppen skal sjå ut. Å halda inn magen gjennom ein heil yogatime verkar både upraktisk og slitsamt.

Endeleg ein genser

Så er timen over. Folk går bort til kleda langs veggen. Undertøy blir trekt opp, bukser kjem over låra, bryst forsvinn bak BH-ar og genserar, og sokkar kjem på føtene. På få minutt blir dei til menneske eg kunne ha møtt på T-banen utan å vita noko som helst om korleis rumpa, magen eller knea deira ser ut.

Eg finn mine eigne klede. Første gong på Linderud drog eg avkledinga ut så lenge eg kunne. No går andre vegen mykje fortare: undertøy, bukse, genser.

Varmen kjem nesten med ein gong.

Faen, så godt.

Eg blir ståande litt medan dei andre rullar saman mattene og pratar vidare. For nokre veker sidan stod eg i den tomme garderoben på Linderud og brukte fleire minutt på å få meg sjølv gjennom ei dør. No står eg fullt påkledd igjen og tenkjer på symjebrettet, den første nakne handa eg nølte med å ta og alle centimeterane eg har passa på rundt kroppen min.

Eg veit framleis ikkje om eg har blitt komfortabel med å vera naken. Eg veit heller ikkje om det er eit mål.

Men eg har slutta å synast det er spesielt at dei andre er det.

Neste gong tar eg med ein jævla genser.