Meir enn ein match
Singellivet kan byda på meir enn upersonlege matchar og one night stands. Her møtast alt frå skilde mødre til evige einslege til meir enn eit ligg.
Ei kvinne kjem inn i lokalet i Bernt Ankers gate. Ho ser seg forvirra rundt.
Ho skodar utover eit rom med rosa flamingo-tapet og eit knippe mennesker som sit kvar for seg, på kvar sin telefon. Eit unntak er to kvinner som sit ved vindauget. Dei pratar og ler.
Eit mjukt ettermiddagslys legg seg over kvinnene, medan ei ser opp på ho andre og påpeikar at det nettopp har vore «break-up-season», og at det sikkert kjem ekstra mange på arrangementet i kveld.
Idet dei får auge på den nye kvinna, spør dei om ho også skal på Smingel. Ho smiler og seier ja.
– Det er jo enklare å venta saman med nokon, seier Maria.
Ho har rosa hår og blå og gul augeskugge. «I Was Made For Loving You» av Kiss dundrar på høgtalaranlegget, medan kvinnene med matchande hår spør ho nye om kva ho synast om mennene som kjem på Smingel.
Folk strøymer inn over dørstokken. Blant dem er både dei som har hatt elleve kjærastar og dei som har hatt null.
Bodycount under fem
Maria tvinnar ein rosa hårlokk rundt fingeren og smiler forventingsfullt.
– Eg håpar jo på å finna nokon her.
Overfor sit veninna med armane stramt kryssa og eit granskande, skeptisk blikk. Ho trekkjer på munnvikene og ristar svakt på hovudet.
Veninnene Maria og Juni fann kvarandre på eit Smingel-arrangement. Medan Maria smiler og humrar, fortel veninna kledd i svart fra topp til tå om kor lite tru ho har på å finna kjærleiken.
«Juni» er så skeptisk at ho ikkje deler den ekte identiteten sin med dei ho møter her.
– Dokker kan vel mellom «Juni» og «Sandra», flirer ho.
Beatrice, som møtte Maria og Juni for ti minutt sidan, skodar utover den lille folkemengda som ventar. Ein svak eim av sveitte har allereie byrja å breia seg i rommet.
– Mennene her klarer ikkje å ta meg ordentleg i handa ein gong, seier Beatrice.
– Å, du tek dem i handa, seier Juni. – Eg gir dem berre ein high five.
Beatrice og Juni er aktive på datingappen Hinge. Der fann Beatrice til dømes ekskjærasten som dumpa ho på melding. Juni skyt inn at ekskjærasten hennar forsøkte å dumpa ho medan ho vaska huset hans. Han starta etter sigende også ein kult.
For å bevisa at ho ikkje er kresen, blar Beatrice gjennom ei rekkje Hinge-meldingar:
«The Way to Win Me Over Is: – Du har puls og går på to bein, mann, 35.»
«I Go Crazy For: – Bodycount <5, ingen historie med svake klyser, mann, 31.»
«An Overshare: – Dating me is like having a body guard, who slaps your ass when he feels like it, will always keep you on your toes, I also suck them toes, mann, 30 til 40.»
– Om eg ikkje hadde den jævla biologiske klokka, hadde eg vore nøgd med å berre vera for meg sjølv, seier Beatrice.
– Eg er steril og skal ikkje ha barn, skyt Juni inn. – Om eg hadde blitt gravid, hadde eg tatt abort!
– Kan ikkje eg få babyen, ler Beatrice til kvinna ho møtte for ti minutt sidan.
Plutseleg dukkar ein blid mann opp i døra.
No startar det.
Raudt, lilla og gult neonlys
– Skann her, og trekk nedover!
Martin svingar billettskannaren og stiller seg på toppen av trappa.
Det harde lyset fra taklampene skapar gjenskin i det velstelte, tynne håret hans.
Idet han snur ryggen til for å visa veg, lyser den gule logoen frå den kvite t-skjorta. Ein gjeng forventingsfulle single tassar ned trappa og forsvinn inn i mørket.
Lyset på botnen av trappa er dempa. Baren er plassert midt i rommet som ei glødande øy. Folk strøymer mot dei små bordane og runde barkrakkane. Langs dei delvis mørklagde veggane stikk djupe båsar opp. Det heile er pakka inn i ein raud jungel av gull-leopardar og svart-kvite palmetre.
Oppe på den vesle scena står eit einsamt mikrofonstativ. Gjestane løper innom baren og sikrar seg det første glaset for kvelden, før dei trekkjer til borda sine med stive smil og usikre blikk.
I løpet av femten minutt har dei fleste fått sett seg. Dei single flyttar forhasta vin- og ølglasa sine over i venstrehendene sine, før dei rekkjer hender våte av kondens og sveitte ut for å helsa.
Maria og Juni har sjølvsagd sett seg saman, og dei smiler lurt til kvarande når dei møter nye deltakarar. «Livin La Vida Loca» av Ricky Martin svevar i bakgrunnen.
Eit dust, men samstundes sterkt lys skin fra den litle scena. Raudt, lilla og gult neonlys blussar opp andleta til dei om lag 30 deltakarane.
Whoomp
Dagleg leiar i Smingel Martin trekkjer mot scena. Skoa hans rykkjer i det ølklissete golvet med ein rytmisk, knitrande lyd.
– Halla, alle saman, gliser han.
Medan han pratar, fektar Martin ivrig med armane ut mot det mørke lokalet. Alle ved borda ser opp, men ingen seier noko. Deltakarane ser tungt på scena med mjuke, bøygde ryggar. Ein tausheit breier seg i takt med den uavlatelege ordstraumen frå scena.
Martin introduserer Jesper. Han leiar quizen i kveld, og er betydeleg yngre enn samtlege deltakarar. Quizen byrjar. Jesper dundrar gjennom den fyrste runden med quizfasit.
– No skjønar eg at det er mange som har fått poeng, sidan det er så mykje jubel her.
Han lenar seg ivrig fram med eit forventningsfullt glis. Men orda møter liten respons i den sjenerte, lydlause salen.
Det er quizpause. «Whoomp! (There It Is)» strøymer ut av høgtalarane og blandar seg med dei skarpe klirra frå glasa som blir stabla i baren. Lågmælte samtalar bryt så vidt gjennom den høge musikken.
Ei kvinne med raud leppestift smiler ut i lufta medan ho forsøkjer å unngå augekontakt med mannen som sit overfor henne. Ein annan mann traskar til baren for sin fjerde øl.
Jesper ber mennene om å rotera til nye bord. Ein flokk mørkeblå piqueskjorter breier seg ut i rommet, og bartender Gino forsøker febrilsk å rydda tomme glas utan å krasja meddem.
Med halvtomme ølglas og matchande chinos prøver gruppa menn i trettiåra å forstå kor dei skal gjera av seg.
Pompel og Pilt
Maria og Juni dominerer samtalen ved bordet sitt medan dei nye mennene forsøker å bryta inn og delta. Sjølv om veninnene sit på kvar si side av bordet med fem andre, pratar dei som om dei er dei einaste i rommet.
Ein tung eim av gamal sveitte og lunken øl har festa seg ved bordet og blanda seg med den tette lufta i lokalet.
Maria tek styring og erklærer at ho kan vera sekretær under quizen. Jesper spelar Daft Punk, og bordet forsøker å finna ut av kva for land bandet kjem frå. Over bråket frå Junis krangleflørting kjem Maria og ein blond mann fram til at bandet er frå Frankrike. Maria spør om mannen ikkje har kome berre for quizen, sidan han er så god.
Juni er streng med mennene. Maria er mild.
– Ho er Pomelen til min Pilt, ler Juni.
Maria fortel ein av mennene at ho er ufør, røykjer og ikkje trenar så mykje som ho skulla ynskja.
– Du skjønar at det ikkje høyrest så bra ut? seier han.
Matchande hår
Under det lilla neonlyset og med regnbuesminke påstår Maria at kvardagen hennar er ganske kjedeleg.
Maria er ufør. Noko av grunnen til at ho dreg på Smingel, er å få litt sosial interaksjon, som det elles er lite av. Ho held for det meste kontakt med venar over internett.
Ho og Juni møtte kvarandre på Smingel for litt over eitt år sida. Dei fann ut at båe drog mykje på Smingel, så dei bestemde seg for å byrja å draga saman.
Fordi Juni også er ufør, var det lett for dei to å bli venar. Dei møter ofte kvarandre før Smingel-arrangementa og dreg saman. Maria synest det er litt vanskeleg å navigera datinglivet.
Heldigvis har ho Juni. Sjølv om veninnene no kjem til å vera tre timar frå kvarandre, er Maria trygg på at dei kjem til å kunna halda ved like venskapen, blant anna ved å draga på Smingel saman.
No sit ho Maria og tullekjefter på Juni fordi sistnemde ikkje har sett Hunger-Games-filmane. Dei to kvinnene har matchande hår, med ei side blond og ei side farga ein farge som står til personlegdomane deira: svart for Juni og rosa for Maria.
Per Sindre
Beatrice hamna ved eit anna bord enn Juni og Maria. Ho fortel ein mann om ein app ho kallar Pokemon Go for øl.
– Eg tappar så mange øl som mogleg, smiler ho. – Sånn tappet? seier en mann medan han gjer ein runkebevegelse. Beatrice stivnar med eit spørjande blikk.
Saman med Beatrice sit Marit. Hennar høge, krusete hår dansar om hovudet medan ho kjem tilbake til bord fire med to øl. To nye andlet har dukka opp sidan ho forsvann til baren. Ho møter blikket til dei nye mennene.
Mennene introduserer seg og spør beinveges om Marit hugsar kva dei heiter. Ho foreslår at Per Emil heiter Per Sindre. Samstundes blir Sindre, mannen med runkebevegelsane, ståande litt på sidelina.
Medan «I Will Survive» spelar på høgtalarane mimar og smådansar Marit. Resten av laget sit bøygde over quizarket og diskuterer lågt om songen er originalen eller ein coverversjon. Marit tek seg i det store håret, drikk øl og stirar ut i lufta.
Full, så mamma
Til vanleg er Marit oppteken med barn, stort hus og godt betalt jobb, ifølgje ho sjølv.
Ho skilde seg fra eksmannen for eitt år sida. Saman med den tre år gamle sonen Louie og hunden Ludo bor ho i eit rekkehus på Kolbotn, og ho jobbar med kommunikasjon i Norges handicapforbund.
– Louie er like galen som meg. Men det er bra. Det hadde vært kjedelig hvis jeg hata han, seier ho medan ho prøver å tyggje bagetten sin.
Ho synest det er fint at ho kan drikka seg full på Smingel ein kveld, og vera mamma dagen etter.
Derfor sit ho her på Honolulu og drikk øl, medan ho lukkar auga og svaiar til «I Will Survive».
No skjer det
Jesper tuslar opp på scena med ein mikrofon fast trykt i høgre hand og eit krøllete, kvitt ark i venstre. Han betraktar deltakarane der dei sit framoverlent og ventande på resultata av quizen.
Andre- og tredjeplassen skal få drikkebongar. For vinnarane ventar den store premien: drikkebongar og gratisbillettar til neste arrangement. Det er nemleg ikkje gratis å mingle med andre single.
Jesper smiler og fører mikrofonen tett inntil leppene.
– Drum roll, please… Vinnaren er Team Oreo! Fy faen altså, det var imponerandre!
Spak jubel brer seg i rommet medan Jesper fortel at kvelden så vidt har byrja.
Eigar Martin smyger seg opp attmed Jesper og fortel at «After Smingel» no er i gong. Det er etter sigande no det blir ordentleg moro.
Ølen tek igjen
Idet Martin og Jesper forsvinn ned i folkemengda, byrjar Ariana Grande å dundra fra høytalarane. Det ristar i øl- og vinglas. Med nokre glas innabords og frie tyglar frå arrangørene kan deltakarane omsider prata med kvarandre.
Støynivået blir høgare og høgare. Stolane blir skrapa langs det stadig meir ølklissete golvet idet folk reiser seg. Anstrengde forsøk på å unngå augekontakt er bytt ut med søkande blikk. Den trykkande stilla blir erstatta av nysgjerrig summing.
Nesten alle mennene løper på do. Ølen byrjar å taka dei igjen.
Folk trekkjer ut på golvet. Midten av rommet blir fylt med stive single som minglar. Ein kan nesten ikkje sjå ølklisset lengre. Om ein følgjer godt med, kan ein likevel høyra skoa som spretter opp frå gulvet medan folk flyttar på seg.
Klokka bikkar halv ti, og arrangementet er snart ferdig. «Macarena» forsøker å overdøyva dei mange, høglydte samtalane, men ingen ser ut til å vilja dansa.
Fleire og fleire kvinner forsvinn opp trappa. Med slitne sko og sveitte skjorter blir dei fleste mennene ståande i forsøk på å få kontakt med dei få kvinnene som er igjen.
Ein mann tuslar bort til oss.
– Er dokker ikkje ferdige på jobb no? Skal dokker ikkje vera med som deltakarar? gliser han.
Heim saman
Maria og Juni sit framleis ved det same bordet. Dei har fått besøk av alle mennene på arrangementet i løpet av kvelden, men har sete attmed kvarandre heile tida.
Dei sit i kvar sin samtale med kvar sin mann. Vinglasa og Bulmers-flaskene ved bordet er snart tomme. Juni trampar med dei store, sorte blokkhælane sine og ser søkande mot trappa opp og ut.
Så reiser ho seg. Ho ser på Maria med eit spørjande blikk, og sistnemnde reiser seg også. Dei to kvinnene trekkjer mot trappa.
Ein man løper plutseleg over rommet og huker tak i Maria. Han spør om telefonnummeret hennar. Ho smiler orsakande medan veninna dreg ho av garde.
Saman går Maria og Juni ut i natten og tilbake til kvardagen.