Røysta i kulissene

I sju år har Ia Stavestrand vore den usynlege hjelpa under framsyngar på Det Norske Teatret. No står ho midt i innspurten mot ei premiere, der den minste endring kan få store følgjer.

Dame står forran en teatersal, scenelyset lyser opp ansiktet hennes

Ia Stavestrand er utdanna skodespelar, men har jobba som sufflør på Det Norske Teateret i sju år.

Lukta frå scenerøyken siv inn nasebora. Scenelyset fargar venstresida av andletet hans i kvitt. Mørkret i rommet har teke over resten av kroppen hans. Ut av munnen strøymer gripande ord om ein fiktiv oppveksten i Drakenberg i Sverige. Men så, midt i ei setning, stoppar han opp.

Stilla breier seg utover teatersalen.

Blikket hans flakkar, leirar etter noko. Nokon.

Augo hans låser seg til første rad.

– Åttande august nittennittitre!, ropar ei damestemme.

Den skuggelagte mannen finn att fatninga, og orda flyt truverdig ut i salen endå ein gong - som om ingenting har hendt.

Når alle vil helse

Gjennom gangane på Det Norske teateret flagrar det lange brune håret til ei av teaters sufflørar i lufta. Gangane er mange, og ein må kjenne staden godt for ikkje å gå seg vill. 

Frå garderoben i andre etasje manøvrerer Ia Stavestrand seg uanstrengt opp til kantina.

Dame går i en gang med manus i hånden.
I tillegg til skodespel har Stavestrand bakgrunn frå tekstarbeid.

Men vegen til dagens første kaffikopp tek overraskande lang tid for ei som har jobba på teateret i sju år. Ikkje fordi ho ikkje kan vegen. Det er menneska som bremser flyten. Ei hand på skuldra, eit hei, og ikkje minst klemmane.

Den første klemmen får ho i heisen.

Den andre i gangen mot kantina.

Den tredje frå kantinedama.

En dame og en mann hilser på hverandre utenfor en heis
Stavestrand er eit kjent andlet for dei fleste på teateret.

Og slik held det fram på vegen tilbake til hovudscena òg.

Ei veke før premiere

Stavestrand kryssar scenegolvet, som er strødd med eit utal teipbitar. På scena ruvar ein stor konstruksjon: ei massiv, grå trapp, med ei rektangulær metallkonstruksjon kvilande på toppen. Ho navigerer seg forbi henne og finn vegen til plassen sin midt på første rad.

Bilde av en sufflørstol og manus
"Gry" er suffløren som foreslo at Stavestrand skulle prøve seg i suffløryrket.

Stemma til inspisienten bryt den varsame summinga til skodespelarane i rommet, og med eitt blir salen stille.

– Då er vi klare for å starte, alle i posisjon!

Taklyset i rommet forsvinn og blir erstatta av eit einsamt scenelys som fremhevar tre jenter på scenen. Dei er søstrer, og skal på ein fest. Ut av munnen til skodespelarane flyter replikkane med lettheit. 

Midt i ei setning blir rommet mørkt og eksploderer inn i ein fest. Ut av høgtalaren dundrar Chers ikoniske «Believe». Scenerøyk fyller rommet, og dei små menneska rører seg til rytmen på scena.

Ti minutt inn i gjennomgangen trengst det enno ikkje suffli. Stavestrand jublar, klappar i hendene og ler. Ho kan lett mistolkast som ein engasjert publikummar.

Så skjer det. Stille. Eit blikk møter eit anna.

– Kvifor har du aldri på deg høge støvler, seier Stavestrand umiddelbart.

Skodespelaren gjentar replikken og scenen held fram.

Stavestrand følgjer framsyninga i manus, sufflien kjem på springande band.

– I friminutta!

– Grand tour!

– Hausten tjuetretten!

Så til slutt, siste påminning før lunsj:

– De må huske å seie heile replikks deira så neste person veit når dei skal hoppe inn!

I heisen på veg mot kantina står skodespelar Elpida Stojcevska og Stavestrand saman.

–Har du bemerka nokon gjentagende feil eg gjer når det kjem til nynorsken, spør Stojcevsta med rynka bryn.

– Du seier framleis "hu" i stelle for "ho", svarar Stavestrand før ho legg legg til:

–Men du er betre på å hugse på det no!

Stryke replikkar

Stillingstittelen til suffløren vart endra frå sufflør til produksjonsmedarbeidar for nokre år sidan. Men sufflørtittelen virker å ha satt feste i teateret, tross for tittelendringa.

– Grunnen til stillingsendringa er nok fordi vi gjer mye forskjellig utover å gi suffli på øvingar og framsyningar, forklarar Stavestrand.

Suffløren har nemleg ei rolle som strekkjer seg lenger enn å gi suffli på scenekanten når ein skodespelar står fast. Bak scenen er dei blant anna ein av dei som held orden på manus når framsyninga stadig er i endring.

For manus er sjeldan likt frå prøvestart til premiere. Replikkar blir strokne, scener blir skrivne om og formuleringar blir endra – heilt fram til premieren.

Dame sitter ved kontorpulten sin og jobber
På Det Norske Teatret blir alle framsyningane framførte på nynorsk. Stavestrand har dermed ei ekstra arbeidsoppgåve med å sikre at alle skodespelarane uttaler replikkane korrekt på nynorsk.

Midt i dette mylderet er det Stavestrand si oppgåve å halde oversikta. Ho må ha overblikket og sørge for at alle som arbeider med produksjonen sit med den same versjonen av manus, og at det som står der er rett. Det er dei avhengige av, for å kunne samarbeide skikkeleg i eit så stort rom.

Stavestrand er i full gang på kontoret. Pulten er dekt av bøker, plakatar frå tidlegare framsyningar ho har vore ein del av, og fargerike post-it-lappar.

Ved sida av PC-skjermen heng det små teikn på fellesskapet rundt henne. Helsingar, varme ord og takksemd formulerte på små lappar.

Bilde av lapper på et kontor.
Gåver og helsingar får kollegaer.

Ein e-post har tikka inn tidleg på morgonen. Han er full av replikkar som skal strykast, og setningar som må endrast.

Manuset må oppdaterast. Alt må stemme.

Bak scenen tikkar klokka vidare. Fire dagar før premieren er framsyninga framleis i endring. Ho må få dette ferdig før dagens prøve, som startar om ein knapp halvtime. Stavestrand må arbeide raskt for å få alle endringane på plass før sceneteppet går opp.

Mange behov

Stavestrand spaserer nynnande inn på hovudscena. Praten går i eitt blant produksjonen. Det er tydeleg at e-posten som blei send ut på føremiddagen, har sett sitt preg på stemninga.

Alle i produksjonen har sine behov, og Stavestrand må prøve så godt ho kan å oppfylle dei. Lydmannen må vite når han skal setje på lyden, og lysmannen må vite kvar han skal bruke dei ulike lyssettingane. Ein feil i manus kan velte heile scena.

Lydmannen snakkar med tydeleg stemme frå tiande rad:

– Då kjem det eit nytt manus i løpet av dagen?

– Eg er jo her heile dagen, men eg skal gjere mitt beste. Det kjem fleire endringar dei neste dagane òg, svarar Stavestrand med eit smil.

Alle må få nytt manus samtidig, sjølv om behova melder seg til kvar si tid. Viss ikkje sit dei med forskjellige sidetal, som vil fungere dårleg når suffløren til dømes ropar: «Vi tar det frå toppen av side 27.» I ein teaterproduksjon gjeld det å vere tolmodig og stole på prosessen. 

– Gammal sufflørskikk

Før prøvene plasserer Stavestrand to pastillesker på manusstativet.

– Gammal sufflørskikk, seier ho og smiler lurt for seg sjølv.

Pastillane er suffløren sitt lokkemiddel. Det viktigaste er samtalene som følgjer med. Men Stavestrand ser ikkje ut til å trenge mange lokkemiddel for å kome i kontakt med menneska på scenen.

Manusstativ med åpent manus på, i tillegg til to pastillbokser.
Mange av skodespelarane kommer til Stavestrand for råd når det gjeld uttale av nynorske ord.

I pausane mellom prøvene kjem fleire skodespelarar bort for å få hjelp med scener som ikkje sit heilt. Ein av hovudpersonane, Nader Khademi, som spelar forfattaren Jonas, kjem med raske steg mot suffløren.

– Her surrar eg noko jævleg, seier Khademi.

Han snakkar om ein lang monolog der årstala må sitje for at publikum skal forstå hendingane i riktig rekkjefølgje.

Stavestrand lyttar med eit varmt blikk.

– Men vi har jo endra mykje. Eg ligger litt irriterande på med sufflien slik at vi får det riktig, tryggjer Stavestrand.

Det viser seg at sufflørjobben handlar mykje om nettopp dette. Ikkje berre å sitje klar med den neste replikken når nokon står fast, men å vere den personen skodespelarane kan kome til når dei treng litt ekstra hjelp med manus.

Eller om dei berre har lyst på ein pastill.

Sufflør hjelper skuespiller på scenen med replikken sin.
Nokon gongar gir Stavestrand skodespelarane post it lapper med replikkar eller nynorske ord dei må terpe på.

Men i ein teaterproduksjon kan andre også miste tråden.

På scena står skodespelarane i ein tett klynge og ventar på regi frå Maren Bjørseth. Ho blar raskt gjennom manus, stoppar brått og les nokre linjer før ho rynkar panna og blar tilbake. Ho blar vidare, medan skodespelarane ventar. Ho let fingeren gli nedover sida, leitar etter eit ord, ei setning, eit eller anna som kan gi henne peikepinn på kva som manglar. Men replikken Bjørseth leitar etter, er ikkje der. Ein eller annan stad mellom sidene har han forsvunne.

Blikket til Stavestrand glir mellom regissøren og manus.

– "Dei er halvt tunisiske" står nedst på side 22, poengterer ho.

Bjørseth finner replikken, men det er fleire som ikkje heng heilt med.

Sufflør på scenen med regissør og skuespillere.
Stavestrand hjelper skodespelarane med klangbotn. Det vil seie tonefallet skodespelarane bruker.

Ane Dahl Torp, som spelar mora til forfattaren Jonas, smilar og vender seg mot Stavestrand.

–Trur du dei andre veit kvar dei er?, spør ho.

Stavestrand granskar ho med eit smalt, kjærleg blikk.

–Veit du kvar vi er?, skyt ho tilbake.

Dahl Torp ler medan hovudet går frem og tilbake i eit tydeleg nei.

–Eg hakke peiling.

Stavestrand slengjer seg med på latteren.

– Dette blir kjempebra!

Halvtimen før alvoret

Den store dagen er her. Premieren.

I kulissane ligg forventninga som ei dirrande spenning i lufta. Stavestrand er kledd i svart frå topp til tå. Satengkjolen fangar lyset når ho rører på seg, mørk og blank mot huda, med eit blondestykke som mjukar opp kanten nedst. Dei svarte lakkskoa skin mot golvet.

No er det alvor.

Det lange, mørkebrune håret fell laust rundt ansiktet og legg seg nedover kroppen. Ho er pynta for kvelden, men ikkje ugjenkjenneleg. I antrekket finst framleis noko av prøvetida. Noko velkjent, før sceneteppet går opp og alt skal sitje.

Dame forran inngangen til det norske teateret
Stavestrand jobbar tett med dei fleste avdelingar på huset.

For sjølv om Stavestrand skal tilbringe framsyninga gøymd bort i ein sufflliboks og utanfor blikket til publikum, skal ho vere ein del av premieren.

– Sjølv når eg ikkje synest, pleier eg alltid å pynte meg til framsyningar, seier Stavestrand.

Men Stavestrand sit ikkje bortgøymd heile framsyninga. Ho skal opp på scena før alle andre for å be om eitt minutts stille i høve Kongens bortgang. Ho er utdanna skodespelar og er glad i scena, men ho er likevel spent. På veg mot hovudscena mumlar Stavestrand gjentatte gonger replikken ho skal seie framfor 23 radar med forventingsfulle tilskodarar.

– Nynorsken min kan jo ikkje vere feil når eg har retta på alle andres nynorsk i sju år. Det hadde vore flaut.

Inne på hovudscena yrer det av liv. Det er ein halvtime til lyset blir sløkt og sceneteppet går opp. Skodespelarane varmar opp, medan fire ulike scener frå stykket går føre seg samstundes. Replikkar flyt inn i kvarandre, rørsler kryssas kvarandre.

Regissør Maren Bjørseth samler alle i produksjonen på scenen for nokre oppløftande ord før premieren braker laus. Stavestrand står på scenen med dei andre og nikkar einig, før ho legg til:

– Hugs at mange av dei i salen er menneske som er glad i oss.

Tid for premiere.

Premiere

Lukta av popcorn og vin har teke over teatersalen. Bjølla i foajeen ringer. Ho signaliserer at publikum må inn i salen og finne plassane sine. Framsyninga skal til å begynne.

Publikum går opp trapper mot forestilling
Publikum er på veg opp trappane til foajeen utafor hovudscena.

Menneska trengjer seg fram til plassane sine. Popcorn blir sølt, og vinglasa blir borne så varsamt som mogleg. Ingen dropar skal gå til spille. Omsider har alle kome seg på plass. Lyset sløkkjer. Ia Stavestrand trer fram på scena. Scenelyset framhevar alvoret i blikket hennar.

– Kjære publikum. Før framsyninga tek til, ber vi om at de reiser dykk, for at vi saman kan minnest kong Harald den femte med eitt minutts stille.

Stilla breier seg i salen.

Når minuttet er over, tek framsyninga til. Skodespelarane står støtt på scena, og dialogen mellom dei flyt naturleg. Monologane sit også, og om noko går gale, hentar skodespelarane seg raskt inn att. Det er ikkje behov for suffli.

Jente går over scenegulvet
Søstrene Evelyn i svart, Anastasia i hvitt og Ina i rosa.

Sjølv om det ikkje trengst suffli undervegs i premiera, må Stavestrand vere like konsentrert. Om nokon plutseleg stoppar må ho vere klar på sekundet. For om suffløren mistar fokus er ingen trygge. Nokre gonger ser skodespelarane ned og får eit oppmuntrande nikk som fortel at dei er på rett plass i teksten. Nokre gongar peiker ho om dei har gløymt kor dei skal gå. Nokre gonger gir ho ei stolt tommel opp når dei no klarar noko som har kravd mykje prøvetid å perfeksjonere. Men det er det berre ho og skodespelarane som veit.

I boksen er ho deira hemmelegheit.

Dei færraste av tilskodarane veit kor mykje arbeid ho har lagt ned i forkant for å kunne vere heilt stille og usynleg på premiera.

Stikkord