Ber folk venta med å bestilla ferie
Europeiske ber folk ha is i magen.
- Eg hadde sjølv venta med å bestilla flybillett til sommar- og haustferie. Ein tapar ingenting på å venta litt, seier assisterande informasjonsdirektør i Europeiske, Emma Elisabeth Vennesland, til Dagbladet.
Europeiske vil ikkje lenger dekka utgifter knytt til transport, overnatting og mat for dei som er askefaste. Dei som vel å kjøpa flybillett no, gjer det på eigen risiko.