Bøndene varma opp til lønnskamp

Bondelaget fridde til norske forbrukarar og kommunalministeren. Dei fekk eit ”tja” tilbake.

Høyr bonde Sondre Stubrud sitt frieri til forbrukarane og Liv Signe Navarsete sin respons.

Nils T. Bjørke, leiar for Norges Bondelag, står i vårsola i Oslo sentrum og deler ut flygeblad. På den står det: ”mer enn bare lave priser”, eit sleivspark til lågprisbutikken like ved.

- Me vil visa folk kva dei får på kjøpet når dei handlar norsk mat. Me leverer trygg mat, levande kulturlandskap og aktive bygder, seier Bjørke. I dag skal han ikkje berre fri til forbrukarane, kommunalminister Liv Signe Navarsete har også lova å komma innom standen til bondelaget.   

Liv-Signe Navarsete kan ikke love Nils T. Bjørke hjelp i landbruksoppgjøret. Foto: Elida Høeg

Navarsete tilbakehalden

- Regjeringa må halda løftet om å minska lønnsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Eg ønskjer å fortelja kommunalministeren at eit godt jordbruksbruksoppgjer er den beste måten å styrka bygdene på, seier Bjørke.

Liv Signe Navarsete kjem, smiler til blitsregnet og et ei gulrot. Ho lovar likevel ikkje å sjølv kjempa for bøndene i årets oppgjer.

- Me har ein landbruksminister som handterar forhandlingane. Eg har ikkje tenkt å gå inn og driva jordbruksoppgjeret, det er det partane som skal gjera, seier Navarsete og kjem med eit vagt ynskje:

- Men eg håpar me får eit oppgjer som er i tråd med det me har lova i Soria Moria.

I Soria Moria 2 skriv regjeringa at inntekts- og velferdspolitikken i landbruket må vidareutviklast. Vårens jordbruksoppgjer vil visa om regjeringa kan halda desse løfta.

Heitt oppgjer til våren

Som leiar av Norges Bondelag er Nils T. Bjørke ansvarleg for storaksjonen onsdag 14. april der 3000 bønder møtte opp framfor 350 daglegvarebutikkar over heile Noreg. Taiminga er ikkje tilfeldig: snart startar jordbruksforhandlingane. Det er venta høg temperatur i årets jordbruksoppgjer.

Finansminister Sigbjørn Johnsen har sagt at bøndene må visa moderasjon. Samstundes har fleire fylkesleiarar i Senterpartiet uttalt at partiet deira bør vurdera å trekka seg frå regjeringa om bøndene får eit dårlegare oppgjer enn i fjor. Dei får ikkje støtte frå sin eigen landbruksminister; Lars Peder Brekk (SP) har bede bøndene om "å roa seg":

–  Regjeringa sit ikkje på Sareptas krukke. Alle har eit ansvar for å bringa oljepengebruken ned på eit nivå som er forsvarleg, sa han til Aftenposten.   

Varslar opprør

Landbruket har opplevd ei stor avvikling og nedbygging i løpet av dei fem siste åra. Medan industrilandbruk driven på importert kraftfôr produserar stadig meir kylling- og svinekjøt i sentale jordbruksstrøk, opplever mindre bruk i resten av landet avvikling. Fleire bønder varslar bondeopprør, melder klassekampen.no.
 

Tal frå SSB viser at ein gjennomsnitts-gardbrukar i 2008 hadde 147 000 kroner i næringsinntekt. Dette er ei auke på åtte prosent frå førre år. Berre 13 prosent av bøndene får nesten all inntekt av gardsdrift aleine. Dei fleste bønder har arbeid utanfor garden.

- Eg har aldri målt arbeidstida som bonde, men pleier å seia at eg jobber heiltid med ein jobb ved sida av, fortalde Geir Ljøgodt E24 i 2008. Han klarar fint å kombinera arbeidet som bonde og reknskapsførar.

 

Fakta | Jordbrukssoppgjeret

- Forhandlingane skjer direkte mellom stat og Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag.

- Landbruket mottar årleg 12 milliardar kroner over statsbudsjettet.

- Forhandlingane varar fram til 16. mai.