Føler seg lurt av DnB NOR

Ivar Petter Røeggen møter i dag DnB NOR i retten.

Røeggen føler seg lurt etter at han fulgte råd frå banken, og tapte rundt 250 000 kroner, skriver VG Nett.

Prinsipielt viktig

Dersom DnB NOR taper i retten kan tusenvis av andre kundar nyte godt av utfallet.

Forbrukarrådet finansierer rettsaka, fordi dei meiner den er prinsipielt viktig, skriv Dagbladet.no.

Ifølge E24 satt Røeggen 500 000 kroner inn i to såkalla strukturerte spareprodukt. Røeggen meiner banken ikkje opplyste godt nok om risikoen for tap.

Påverkar tusenvis

Rundt 1500 klagar om liknande saker står no på vent hos Bankklagenemnda. Dersom DnB NOR må betale erstatning til Røeggen, kan dette opne for at også andre kan få erstatning. (E24)

Informasjonssjef i DnB NOR, Aud-Helen Rasmussen, meiner at det ikkje er gitt at det finnast fellestrekk som kan overførast frå Røeggen-saka til dei andre klagane. (E24)