Markering mot retur til Sør-Somalia
FN fraråder å returnere flyktninger til Sør-Somalia. No har Utlendingsnemnda likevel opna for å sende sør-somaliske flyktningar tilbake.
- Det finst to reglar i mitt land, drep eller bli drept. Eg vil ikkje bli drept og eg vil ikkje drepe, seier Ahmed Cokdi Ismail.
Sjå klipp frå markeringa og Ahmed Cokdi Ismail sitt spørsmål til Norge her.
Markerte utanfor Stortinget
Tidlegare i dag markerte ei gruppe somaliske flyktningar sin motstand mot vedtaket om at somaliske flyktninger kan sendast tilbake til Mogadishu og Sør-Somalia.
Framfor Stortinget ba dei om å bli sett og høyrt av regjeringa.
- Ikkje returner flyktninger til Sør-Somalia, det er tortur, ber Suad Ali, som deltok på markeringa. Ho meiner ein risikerer flyktningane sine liv om ein returnerer dei til Sør-Somalia.
Slutt på returneringsstopp
Det har vore returneringsstopp til Mogadishu og Sør-Somalia sidan november 2006.
I januar 2010 behandla Utenriksdirektoratet og Utlendingsnemnda spørsmålet, og avgjorde at sikkerheitsituasjonen i Sør-Somalia ikkje lenger skal gi grunnlag for flyktningestatus i seg sjølv.
No kan sør-somaliere utan asyl i Norge bli sendt tilbake til eit land der 1,4 millioner er internt fordrevne.
FNs Høgkommisær for flyktningar vurderer framleis situasjonen i Mogadishu og Sør-Somalia som så farlig at dei ikkje anbefaler å returnere flyktninger dit.
Noreg trossar FN
Sylo Taraku er konstituert leiar i Norsk organisasjon for asylsøkarar. Han meiner Noreg burde respektere FN si fraråding av å returnere flyktningar til Sør-Somalia.
- Vi ser at asylpolitikken vert strengare i Noreg, og at ein i stadig større grad ser bort frå FNs anbefalingar, seier Taraku.
Amnesty etterlyser hjerterom
Markeringa utanfor Stortinget var støtta av fleire organisasjoner, som Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS), Den norske Helsingforskomité, og Amnesty International.
- Det er kaldt her, det er lite hjerterom her, og jeg skammer meg over den utviklingen vi ser, sa leiar i Amnesty International, John Peder Egenæs i ein tale til flyktningane.
Vil gå til retten
Sylo Taraku i NOAS seier dei ikkje vil godta vedtaket, og at dei om naudsynt vil gå rettens veg.