Pressar på for oljeboring i nord

Fleire Ap-toppar vil ofra SV for oljeboring utanfor Lofoten.

- Me kan ikkje sitja og sjå på at heile næringsutviklinga her oppe går føyken berre for at nokre få er opptekne av å verna, seier fylkesrådsleiar i Tromsø, Pia Svensgaard, til avisa VG.

Også tidlerare statsråd Odd Eriksen vil at regjeringa skal få fortgang i ein konsekvensutgreiing som kan opna for oljeboring utanfor Lofoten. I ein rapport lekka til VG kjem det fram at verken tork eller sild er truga av slik oljeboring.

 Det er venta at saka vil testa samarbeidet mellom Ap og SV.