Tiltalt for kunstforfalsking

Norsk mann er tiltalt for å forfalske dokument av Henrik Ibsen og Knut Hamsun.

Ein 41 år gamal mann frå Nøtterøy er tiltalt for omfattande forfalsking av dokumenter og skrifter av Knut Hamsun og Henrik Ibsen, melder NTB. Det er Økokrim som står for tiltala. Mannen er tiltalt for å vidareselge ei rekkje skrifter og dokument som angiveleg skulle stamme frå dei to nasjonalheltane.

Kjøpte for 695 000 kroner

Blant dei som lot seg lure, var Nasjonalbiblioteket, som kjøpte inn åtte objekter for 695 000 kroner.

- Me er godt kjende med forfalsking av kunst, men har aldri sett forsøk på svindel med historiske dokument på denne måten, og i eit slikt omfang her til lands, seier førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland i Økokrims miljøkrimavdeling.

Selde lommealmanakk

Dei forfalska objekta som 41-åringen prøvde å selje, var mellom anna Knut Hamsuns lommealmanakk frå 1943 og eit innmeldingsbrev til Nasjonal Samlings hjelpeorganisasjon. I tillegg prøvde han å selje deler av eit manus til skodespelet Solguden, som skulle vere eit heilt ukjend stykke av Henrik Ibsen.

Det har tatt tre år å etterforske saka, og Hamsun-forskar Lars Frode Larsen, som var ein av dei som slo alarm, meiner saka kan samanliknast med salet av Hitlers såkalla dagbøker i 1983. (©NTB)