Slår tilbake mot kritikken

Liv Signe Navarsete svarar på kritikken Senterpartiet har fått under årets valkamp.

Liv Signe Navarsete takker partiet sitt under sin tale på SPs valgvake i Oslo. Foto: Dorthe Karlsen

- Dei som meiner vi har gjort ein dårlig valkamp, dei kjenner oss ikkje, seier Navarsete frå talerstolen.

Trass at Senterpartiet starta valnatta med framgang innrømmer Navarsete at prognosen ser mørk ut. Ho lovar likevel at Senterpartiet ikkje skal slutte å arbeide for dei verdiar dei verdset.

- Me skal halda fram med vår politikk og me skal stå på, seier ho til ei applauderande valvake i Akersgata.

Lojale veljarar

TV 2 sine meiningsmålingar synte 8.september at Liv Signe Navarsete har kome dårlegast ut av alle partileiarane denne valkampen. Oppslutnaden rundt Senterpartiet ved kveldens siste måling syner at Navarsete framleis held på veljarane sine.

Etter at røystene i Oslo er tatt med i målingar går Senterpartiet noko attende og står no med 12 mandatar på Stortinget. Oslo er den kommunen der Senterpartiet har dårlegast oppslutnad. Justeringane som kom etter andre måling var dei dimed førebudd på ved valvaka i Akersgata.

Stolt leiar

- Dei som seier at me har gjort ein dårleg valkamp, dei kjenner oss ikkje.

Navarsete vier mykje tid i sin tale hjå Senterpartiet til skryt av sine partimenn. Vidare held ho fram med at Senterpartiet har drive tøff valkamp ute i distrikta og sanka røyster frå heile Noreg.

- Dei har prata med venner, familie – med folk de ikkje har sett før. Eg er stolt over å vera leiar for Senterpartiet, seier ein rørt partileiar.

Stikkord