Stor stemning etter glitrande målingar

Det har ikkje berre sett lyst ut for Senterpartiet inn mot valet, men på valdagsmålingane gjer dei det skarpt. – Nervane er litt rolegare, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Vedum får regjeringsskifte, men drømmen om en SP/AP- basert regjering blir ikke realisert. Foto: Journalen

Gardbrukaren frå Hamar har vore landbruksminister i Jens Stoltenberg si andre regjering, og sjølv om alt går mot regjeringsskifte, var det ein smilande Slagsvold Vedum som møtte pressa etter valdagsmålingane klokka 21.00 og utover.

Optimistisk

– Dette var ein svært god prognose samanlikna med meiningsmålingane. Det er framleis tidleg, men no er vi optimistiske, fortel han.

Valdagsmålingane har sprika mellom 5,2 prosent og godt over 7 prosent for Senterpartiet. VG si måling viser at partiet går tilbake frå 11 til 10 stortingsmandat, medan NRK si måling viser at partiet får to nye mandat på Stortinget dei fire neste åra.

– Vi hugsar frå valdagsmålinga sist at mykje kan skje. Vi har hatt ein del dårlege målingar før valet, men dette var bra, sa Slagsvold Vedum.

Jublar for dårlegare blå

Ekstra kjekt er det at Høgre og FrP ser ut til å gjere det dårlegare enn venta, nikkar landbruksministeren.

– Det er veldig bra. No får vi sjå valresultatet i kveld, før vi må evaluere dei ulike delane av valet i etterkant.

– Kor mykje rolegare er dine eigne nervar no?

– Jo, dei er litt rolegare. Eg har trekt pusten lett i heile dag, før eg kjende det litt under armane no i stad. Litt nervar må det vere, for dette betyr utruleg mykje for veldig mange. No er det hyggeleg at valdagsmålinga og prognosen er god, men vi veit av erfaring at det er talet på stemmer som tel til sjuande og sist, avsluttar Slagsvold Vedum.

Stikkord