Dei eldste og yngste er dei svakaste lesarane

Det er uvanleg stor skilnad mellom vaksne og unge i leseferdigheiter, samanlikna med resten av verda.

Dei eldste og yngste er dei dårlegaste lesarane i landet. Foto: SimplySteff/flickr

Aldersgruppa 55 år og eldre er dårlegast til å lese og å forstå tal i Noreg. Befolkinga under 25 år har nest lavast nivå. Dei beste ferdigheitene er i aldersgruppa 25 til 34 år, og her er det menn som har høgst nivå. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Undersøkinga tar føre seg leseferdigheiter, talforståing og digitale ferdigheiter i OECD-landa. Noreg ligg over gjennomsnittet til OECD på alle områder i undersøkinga.

Uvanleg

Det mest oppsiktsvekande i undersøkinga er skilnaden mellom unge og vaksne. Sett under eitt held den yngste delen av befolkinga lavare nivå enn vaksne i lesing og talforståing. Dette er uvanleg i verdssamanheng, ifølge Birgit Bjørkeng i SSB.

– I dei fleste land gjer dei yngste det sterkare enn resten av befolkinga i lesing. Det er faktisk berre Noreg, Kypros og Storbritannia som er unntaket, seier Bjørkeng.

Dei beste resultata i talforståing er det vaksne menn som står for. Kvifor det er slik er ifølge forskarane ei gåte.

– I leseforståing er det nokså likt mellom kvinner og menn, men i talforståing har menn klart høgare verdiar. Vi har desverre ingen forklaring på kvifor, seier Bjørkeng.

Utdanning er avgjerande

Ein fjerdedel av dei som har utdanning på grunnskulenivå, havnar i dei to lavaste kategoriane i lesing og talforståing. Dette gjeld kun éin av 20 mellom personar som har høgare utdanning. I tillegg viser undersøkinga at dei med høgt utdanna foreldre har betre ferdigheiter på alle tre områda enn dei med lavt utdanna foreldre.

Innvandrarar kjem dårleg ut

Personar som er fødde i Noreg har høgare skår i alle tre områda i forhold til personar som har innvandra til Noreg. Sidan testane er på norsk, er dette ikkje uventa, ifølge SSB. Av personar som har innvandra til landet held svenske og danske innvandrarar høgare nivå i lesing og talforståing enn innvandrarar frå andre land.