Filippinske au pairar delte enkeltseng

Eit srilankisk ektepar risikerer inntil fem års fengsel når dei no står tiltalt for tvangsarbeid. Måndag starta den unike rettssaka i Oslo Tingrett.

Politiadvokat Britha Røkenes (t.v.) etter pausen i rettsaka måndag. Bak til venstre står Else McClimans, som representerer 30-åringen, medan Gunhild Vehusheia (t.h.) representerer 32-åringen. (Foto: Hans-Olav Rise)

OSLO TINGHUS (Journalen): – Eg visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg trengde jobben for å forsørgje familien heime på Fillippinane.

Det fortalte éin av dei to fillippinske au pairane i Oslo Tingrett måndag. Den no 30 år gamle kvinna fekk seg jobb i Noreg, men i staden for fem timars arbeidsdag, enda kvinna med å jobbe over 90 timar i veka på det verste.

Vertsfamilien var ikkje vertsfamilien

Saman med ei 32 år gammal fillippinsk kvinne, forklarte 30-åringen seg i retten måndag formiddag. Kvinna kom til Noreg 19. august i 2010, og starta dagen etter i jobben som au pair. Berre åtte månader seinare rømte ho frå bustaden på Nadderud i Bærum.

– Eg blei kontakta av A (journ.anm. 32-åringen), som spurte om eg ville til utlandet og jobbe. Eg ville reise, for eg og familien min trengde pengane. Eg fekk tilsendt ein kontrakt, signerte den, og sende den tilbake, forklarte 30-åringen.

På Fillippinene fekk ho forklaring og informasjon om korleis livet som au pair i Noreg var. På UDI sine sider kan ein lese: "Arbeidstida må ikkje overstige fem timar per dag, og maskimalt vere 30 timar per veke. Du kan ikkje arbeide utover dei 30 timane, sjølv ikkje mot ekstra betaling."

Situasjonen blei ein heilt annan i Noreg, og det første sjokket for 30-åringen kom allereie heilt i starten. Det som skulle vere vertsfamilien hennar, viste seg å vere feil. I staden enda ho opp som au pair i det srilankiske ekteparet sin heim.

– Møtte du nokon gong den opphavlege vertsfamilien, spurte aktor og politiadvokat Britha Røkenes.

– Nei, der var eg berre på besøk éin gong, først etter tre månader, svarte 30-åringen, før ho la til:

– Men eg lêt det gå, og heldt fram å jobbe. Det blei for vanskeleg å finne ein ny vertsfamilie.

Prinsippsak

Saka som no er oppe i Oslo tingrett er spesiell. I 1969 vedtok Europarådet au pair-ordninga, og Noreg slutta seg til ho. Det blei sett på som kulturutveksling.

Silje Stenvaag og Sigrid BorchSilje Stenvaag (t.v.) og Sigrid Borch er forsvarar i au pair-saka. Stenvaag for den 38 år gamle kvinna, Borch for den 41 år gamle mannen. (Foto: Hans-Olav Rise) 

No, for første gong på over 40 år, står nokon tiltalt for å ha utnytta ordninga til tvangsarbeid. Mannen (41) og kvinna (38) som står tiltalt, fekk dei to fillippinske au pairane til å jobbe både som au pair og på Rema 1000-butikken ekteparet dreiv i Bærum.

På det meste skal dei to au pairane ha jobba 90 og 96 timar i veka. Ei vanleg arbeidsveke er 37,5 time.

Forsvarane til paret, Sigrid Borch for mannen og Silje Stenvaag for kvinna, har tidlegare sagt til Dagbladet at utfallet i saka vil få stor prinsippiell innverknad.

– Misbruk av to menneske i ein sårbar situasjon

Ekteparet fekk kontrakten sin med Rema 1000 sagt opp etter skuldingane om tvangsarbeid. I dag driv dei ein konkurrerande daglegvarebutikk.

I åtte dagar sit dei no på tiltalebenken i Oslo tingrett, der dei står tiltalt for overtredelse av paragraf 224 i straffelova og paragraf 108 i utlendingslova.

– Hovudpunkta vi ønskjer å få fram er utnytting, tvangsarbeid og misbruk av to menneske i ein sårbar situasjon. Så langt har vi fått fram mykje av det vi venta, sa politiadvokat Røkenes til Journalen halvvegs på første dag av rettssaka.

I retten forklarte 30-åringen i detalj. Den tiltalte kvinna frå Sri Lanka rista stadig på hovudet, medan mannen hennar såg upåverka ut.

– Dei første tre månadane sov eg på eit svært lite rom saman med A. Rommet passa til éin person. Vi delte ei enkeltseng i tre månader, forklarte au pairen.

Heile tida tolka 32-åringen for 30-åringen som ikkje kunne norsk. Tidlegare på dagen blei det problem då den tiltalte mannen ikkje var fornøgd med sin tolk. Verken han eller kona har vist vilje til å forklare seg til politiet, og var knappe også i tingretten.

Begge dei tiltalte nektar for anklagane om tvangsarbeid, medan kvinna delvis innrømmer at dei mangla arbeidstillatelse.

Fekk aldri vite at tillatelse var trekt tilbake

I huset på Nadderud budde dei to fillippinarane saman med familien på seks i huset deira. I tillegg budde der om lag ti studentar, samt éin annan mann og kona hans - som òg jobba i Rema 1000-butikken.

– Der var minst 15 personar i huset, fortalte 30-åringen.

Sjølv hadde ho ikkje arbeidstillatelse, og var usikker på om mange av dei andre på Rema 1000-butikken hadde det.

For 30-åringen sin del hadde ho derimot aldri fått vite at tillatelsen ikkje var på plass. Den opphavlege vertsfamilien, som bur i Oslo, hadde nemleg informert UDI om at ho hadde flytta. Dette fekk den 30 år gamle fillippinske au pairen aldri vite.

Rettsaka mot det srilankiske ekteparet vil gå over åtte dagar, og over 20 vitner skal forklare seg. Dersom ekteparet blir dømt, risikerer dei opp mot fem år fengsel.