Internettsamfunnet isolerer bestemor
På Seniorsurfdagen får eldre hjelp til å bruke digitale nettenester.
Onsdag arrangerte Seniornett den årlege Seniorsurfdagen, der målet var å stimulere til meir IKT-aktivitet mellom eldre. På Engelsborg ressurssenter på Sofienberg var det dataklubb, med fornyingsminister Rigmor Aasrud tilstades. Her hadde om lag 30 seniorar møtt opp for læring og samver.
Fare for isolasjon
– Det er i dag 400.000 nordmenn over 55 år som ikkje brukar internett, og i dagens internettsamfunn kan ein tenke seg kor isolerte desse kan bli, seier Tore Langemyr Larsen, som er dagleg leiar i Seniornett.
Seniornett er ein organisasjon som hjelper eldre med å bli betre kjend med dagens digitale samfunn - eit samfunn som blir stadig meir omfattande. Dei har 180 klubbar i heile landet som alle bistår eldre med IKT-gjeremål, og i dag er det over 300 samlingar lander rundt. På dagens samling nytta Larsen høve til å demonstrere korleis ein kan bruke elektroniske reseptar.
Demokratisk utfordring
Tal frå Norsk mediebarometer 2012 viser at internett no er det mest brukte mediet i landet. Undersøkinga viser at det er eit stort gap mellom dei over pensjonsalder og den øvrige befolkinga i internettbruk. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud er ansvarleg for offentlege IKT-tenester, og er klar over kva utfordringar som følger med omlegging til digitalt førsteval på offentlege brukartenester.
Ho fryktar eit nytt klasseskille mellom dei som beherskar ny teknologi, og dei som ikkje gjer det. Derfor skal dei offentlege tenestene vere så godt tilrettelagde som mogleg.
– All ny IKT skal vere universelt utforma. Vi har oppretta eit nytt kompetansemiljø som skal betre dei offentlege tenestane, seier Aasrud, som i år har auka bevilgingane til Seniornett med éin million.
– Ikkje bra nok
Seniornett er glade for pengestøtte og tilpassa nettenester, og er veldig nøgde med dialogen dei har hatt med statsråden. Likevel meiner dei at ein enno ikkje er i mål.
– Vi støttar digitalt førsteval i offentlege brukartenester, det er ei utvikling som må komme. Det vi etterlyser er ressursar til tilrettelegging og opplæring, slik at eldre lettare kan bruke tenestane, seier Larsen.
Han er glad for det arbeidet som blir gjort, men meiner samtidig at det ikkje er bra nok. I henhald til opplæringslova, har staten ansvar for at alle kan benytte seg av offentlege tenester, ifølge Larsen.
Trufast medlem
Elbjørg Malvik er med på dataklubb på onsdagar, der ho og andre får hjelp til alt dei lurer på av IKT-spørsmål.
– Eg har fått hjelp til å betale rekningar heimanfrå. Og så har eg fått hjelp til å bruke Skype, så no kan eg snakke med bror min i Nord-Noreg, seier Elbjørg, som har vore medlem av Seniornett i mange år.
– Det er verdifullt å få hjelp, men òg å snakke med andre som har dei same spørsmåla, så vi kan lære saman, seier ho.