Nordisk råd opnar dørene

Tysdag starta Nordisk råd sitt årlige møte, som i år vert halde i Oslo.

– Haustmøtet er den viktigaste møteplassen for nordiske politikarar. I laupet av veka skal me behandla ei rekkje forslag frå utvala i Nordisk råd, seier Marit Nybakk til stortinget.no.

Nybakk er president i Nordisk råd og skal leie møtet som finn stad på Stortinget. Nordisk råd er eit av verdas eldste og mest omfattande regionale samarbeid. Rådet vart danna i 1952 og har til saman 87 valde medlemmar frå heile Norden.

Eit sterkt Norden

Nordisk råd fungerer som eit rådgjevande organ for dei nordiske regjeringane. Under møtet skal rådet bestemme kva dei ynskjer at dei nordiske regjeringane skal gå saman om å løyse. Drivkrafta bak det nordiske samarbeidet er å gjere det attraktivt å bu, samt drive lønsame verksemder i Norden.

Det politiske samarbeidet byggjer på felles verdiar og eit ynskje om utvikling, samt auke Norden sin kompetanse og konkurransekraft. Eit sterkt Norden i eit sterkt Europa er eit overordna mål for arbeidet, skriv Stortinget om samarbeidet på si nettside.

Kaffiklubb

Allereie før Stortinget opnar dørene for årets møte har debatten byrja i Danmark. Karen Elleman, tidlegare dansk samarbeidsminister i Nordisk ministerråd, uttalte seg til den danske avisa, Berlingske at Nordisk råd og ministerråd bør leggjast ned. Elleman seier samarbeidsorgana har vorte dyre kaffiklubbar og dermed bør leggjast ned. I staden bør ein opprette fleksible arbeidsgrupper.

Utsegna til Ellemann møtte motstand både i Danmark og i dei andre nordiske landa. Marit Nybakk seier i ei pressemelding til NTB, at samarbeidet i Nordisk råd fungerer betre enn på mange år.

Nordisk råds pris

I samband med møtet vert det også delt ut Nordiske råds prisar innanfor litteratur, musikk, film, samt natur og miljø.