Ynskjer seks robuste politidistrikt

Politidirektør Odd Reidar Humlegård vil redusere dagens 27 politidistrikt til 6. - Lokalt politi handlar ikkje om politibygg, men om politifolk, seier Humlegård.

Politidirektør Humlegård ynskjer eit meir effektivt politi. Foto: Synne Asheim Haga

Noreg i dag er delt inn i 27 politidistrikt. Dette er nesten fire gongar så mange som nabolandet vårt, Sverige, som har 7. Men ei redusering av tal politidistrikt vil ikkje føre til færre politi i distrikta, meiner Humlegård. Snarare tvert imot.

- Tryggleik, beredskap og nærvær er ikkje avhengige av ein bygning i bygda. Ved å samle ressursane på færre og meir robuste spesialistmiljø, oppnår ein eit meir effektivt politi, seier politidirektøren.

Distriktsinndelinga:

Nord: Finnmark, Troms og Nordland.
Midt: Trøndelagsfylka og Møre og Romsdal
Vest: Sogn og Fjordane, Hordalan og Rogaland
Sør: Agderfylka, Telemark, Buskerud og Vestfolk
Stor-Oslo: Oslo, Asker og Bærum
Aust: Akershus, Oppland, Hedmark og Østfold

Hovudpunkt

Humlegård la fram følgjande hovudpunkt i høyringsuttalinga: Politiet skal vere tilgjengeleg når hendingar skjer og der publikum har behov. Dei skal vere lokalt forankra og ha ei kunnskapsdriven førebygging. Politiet skal drive kompetent etterforsking og påtale, samt ha eit effektivt samarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt.

Ikkje avgjort

Sjølv om forhandlingsprosessen er godt i gang, presiserer Humlegård at ingenting enno er endeleg avgjort.
- Dette er våre forslag. Til sjuande og sist er det opptil politikarane som avgjer kva som skal skje, avsuttar han.

Høyringssvaret på Politianalysen blei sendt til Justis- og beredskapsdepartementet i dag. Politi- og lennsmannsetaten ber om ei avgjerd for forslaget fram mot våren 2014.