Krev at sexkjøpslova forblir
Dersom Regjeringa reverserer sexkjøpslova, vil kjøp av sex igjen bli fullt lovleg. Norsk kvinnesaksforeining (NKF) reagerer med krav til Regjeringa.
- Vi ser ingen grunn til å reversere sexkjøpslova.Det er urovekkjande og trist om Norge skulle gå tilbake på dette, seier MargunnBjørnholt, fungerande leiar i NKF.
Den frivillige kvinneorganisasjonen sendte 10.februar krav i eit brev, til statsministerens kontor og Justis- ogberedskapsdepartementet.
Det samfunnsfaglige analyseselskapet Vista Analysehar fått frist av Regjeringa på endeleg konklusjon av ei lovevaluering innanmidten av juni. Konsulentfirmaet jobbar med økonomisk utredning, evaluering, rådgjevingog forsking. Dokumentanalysane i selskapet vil avgjere om sexkjøpslova vert reverserteller ikkje. Grunna nøytral behandling vil leiinga ikkje uttale seg om prosessen.
- Prostitusjon er menneskehandel
NKF synast at det er galt å skilja prostitusjon ogmenneskehandel. Bjørnholt håper at Regjeringa høyrer på sterk motstand frå samlakvinnerørsler i Noreg og internasjonalt.
- Det handlar om grunnleggjande menneskerettigheiter.Kvinner skal ikkje verte sett på som noko ein kan kjøpe seg tilgang til, og detskal for den del heller ikkje menn, seier Bjørnholt.
- Frivillig prostitusjon er ei myte. Vi snakkar omsårbare menneske som i liten grad har fridom til å velje kva slags relasjonar deigår inn i, der økonomisk makt gir rett til å krenke, seier ho.
Departementet vil ikke kommentere
Fungerande leiar i NKF meiner vidare at ei reverseringikkje kan sameinast i eit likestilt samfunn, og ser på det som krenking av likeverdblant kvinner og menn.
- Vi meiner at menneske som vil ut av prostitusjon har fått lite stønad. Det må bli betre, seier Bjørnholt.
Pia Erikstad i Justis- og beredskapsdepartementet skrivi mail at det ikkje er aktuelt for dei å kommentere saka før endeleg konklusjoni midten av juni. Departementet bekreftar likevel at den politiske leiing harfått fleire førespurnadar frå organisasjonar og privatpersonar.
Nedanfor kan du sjå kva leiar for kvinnesaksforeiningai Oslo fylke, Gunhild Ramm Reistad, har å seie om NKF og lova.
Politiske motpolar
Anne-Karin Nygård, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforeining,er einig med NKF.
- Vi har ikkje behandla akkurat denne saka, men vi synastlikevel sexkjøpslova bør behaldast. Vi manglar klar dokumentasjon som seierat lova kan fjernast med et pennestrøk, seier Nygård.
Krfs Kjell Ingolf Ropstad, andre nestleiar iJustiskomiteen, er i samsvar med NKF og Sanitetsforeininga klar på atsexkjøpslova skal forbli. Han seier at Krf ynskjer tiltak som hindrar lova åstå åleine.
- Vi må også satse på frivillige organisasjonar ogjuridiske tiltak. Då må vi løyve fleire midlar til frivillige organisasjonarsom Nadheim og Pro Senteret, seier Ropstad.
Vil fjerne lova
- Vi er no opptekne av ei god evaluering, eitpolitisk fleirtal, og så hjelpe dei som vil ut av prostitusjon best mogleg. Dåer også andre tiltak enn sexkjøpslova helt nødvendige, fortsetter Ropstad.
Peter Christian Frølich, stortingsrepresentant iHøyre, meiner KrF, venstresida og kvinneforeiningane ser feil på situasjonen.Han seier at Høgre alltid har sett på sexkjøpslova som eit feilgrep.
- Vi har ei avtale mellom Høgre, Venstre og Frp som dannargrunnlag for evalueringa. Lova løyser ikkje grunnleggjande problem knytt tilprostitusjon. Den gjer berre kvinner endå meir sårbare, seier Frølich.
- Stor takhøgd
Vidare seier Frølich at ei evaluering vert gjort med opentsinn.
- Det er for oss forståeleg at det finnast ulike synspunktpå lovevalueringa, og debatten vekkjer sterke kjensler. Internt i Høgre er detogså stor takhøgd på reverseringsspørsmålet, seier han.
- Vi føretek ingenting før evalueringa er over. Vigleder oss til å lese rapporten i sommar. Det vil overraske meg om analytikaranekonkluderer med at sexkjøpslova har hatt god effekt, seierstortingsrepresentanten.
Frølich er klar på at Regjeringa må vente til i sommar, før ein kan sjå om det blir parlamentarisk fleirtal mot sexkjøpslova.