18-åring knivstukket

Politiet jaktar på 19-åring som dei meiner står bak knivstikkinga.

Knivstikkinga skjedde i Lundegata. Foto: Stuart Herbert

Måndag kveld vart ein 18 år gamal mann knivstukke i Lundegata i Skien sentrum.

- Tilstanden til mannen er kritisk, men utanfor livsfare, seier operasjonsleiar Jan Olaf Jansen i Telemark politidistrikt til NRK.

Kjenning av politiet

Politiet meiner dei veit kven gjerningsmannen er, og dei leiter etter ein 19 år gamal mann frå Skien. Det er vitner som har peika ut 19-åringen som mistenkt. Begge dei to involverte er kjenningar av politiet. Årsaka til hendinga er uklår.

Politiet vil halda fram med vitneavhøyr ut over dagen, og ber folk som kan ha sett eller høyrt noko melde seg.