Vil take vare på ungdomshusa

Ungdomshusa som vaks fram på starten av 1900-talet er i ferd med å forfalle.

Ungdomshuset i Kvam kommune som riksantikvaren har freda. Foto: Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag hadde i 1953 omlag 850 ungdomshus. I dag er det berre 250 att og av desse er omlag 100 hus det einaste kulturhuset i sin kommune. Fleire av dei opphavlege ungdomshusa har brunne ned, blitt selde eller blitt rivne ned.

Mista sin funksjon

– Då kommunane byrja å bygge eigne kulturhus på 70-talet, mista ungdomshusa sin funksjon som kulturell samlingsstad, seier Jon Låte, rådgjevar for ungdomshus i Noregs Ungdomslag.

Han fortel òg at mange av husa ligg avsides, og at folk har flytt vekk frå staden. Husa vert ståande att utan nokon til å take vare på dei.

– Treng me då take vare på desse husa?

Eit hus i skogen, kaldt og lite tilgjengeleg er kanskje utdatert, mange av desse er i dag borte og me ser at fleire vil falle frå.

Eit problem har vore å avgjere kven som skal ha ansvar for husa, når det til dømes har vore eit lokallag som no er nedlagt, som eigde huset.

– Å rive gamle hus er ikkje alltid lett, det kostar gjerne opp mot 300 000 kr. Når lag er nedlagt og ingen tek ansvar må kommunen kome inn og rydde opp, legg Låte til.

Tok over i Ulvik

Løysinga i Ulvik var at kommunen tok over ungdomshuset der.

– Me har restaurert huset frå kjellar til tak, so no har det ein moderne standard, fortel Espein Eide, kultursjef i Ulvik kommune.

Dei nyttar huset til ulike festlige lag, konsertar og trimaktivitetar. Dette meiner Eide har fungert bra.

– Me har teke vare på huset og det har fått fleire bruksområder. Noregs Ungdomslag har eit rom i toppetasjen, so dei har òg kome godt ut av det, legg Eide til.

Låte meiner ungdomshuset i Ulvik er eit av dei flottaste i Noreg. Han ser helst at kommunane tek på seg ansvar for store hus som slit med vedlikehald. 

Freding

Riksantikvaren har allereie freda nokre av husa, mellom anna "Haugatun" i Strandebarm i Kvam kommune. Låte fortel at hus skapar liv,  og forklarar dette med at dei laga som eig hus har meir aktivitet enn dei utan.

– Får me freda fleire hus vil statusen deira bli viktig, fordi det var slik landets fyrste kulturhus var, legg han til.

Leidulf Mydland hjå Riksantikvaren skriv doktoravhandlinga om forsamlingshus kring i Noreg. Han meiner det ikkje berre er dei estetisk fine husa ein må frede, men at hus som har spilt ei viktig rolle for bygda er òg viktige.

– Det er viktig at historia sitt i veggane, men det betyr ikkje at det skal sitte estetisk og utsmykka i veggane. Historien og tradisjonane er vel so viktige, seier Mydland.

Her kan du sjå eit oversyn over kvar ungdomshusa ligg.