Regjeringa bryt mållova

På den nyoppussa heimesida til regjeringa har ein ikkje lengre nynorsk og bokmål som språkval, men berre norsk. Trykker ein på norsk får ein berre bokmålsversjonen fram. Dette har Norsk Målungdom fått nok av.

På heimesida til regjeringa kan du berre velje norsk, ikkje nynorsk eller bokmål. Foto: skjermdump/regjeringen.no

Etter at Noregs Mållag påpeika at det berre låg føre ein bokmålsversjon av nettsida www.regjeringen.no i desember er det framleis berre bokmålsinnhald på sida, seier nestleiaren i Norsk Målungdom Kristofer Olai Ravn Staveng til Journalen.

Mållova seier i § 8 at tilfang som tener heile landet skal «veksle mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei». Regjeringa sine nettsider skal følgje dette regelverket, skriv Målungdomen i pressemeldinga si.

Kristofer Olai Ravn StavsengNestleiaren i Norsk Målungdom er skuffa over regjeringa. Foto: Odin Omdal Hørthe / NMU– Eg er skuffa over at det tek so lang tid for regjeringa å gje språkleg respekt til skattebetalarane. Det held ikkje å ha nokre få enkelte sider på nynorsk, ein av Noregs viktigaste statlege nettstader bør, og skal, finnast i to parallelle språkutgåver, legg Stavseng til.

Ein anna som har engasjert seg er ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo (V). Han har sendt brev til Statsministerens kontor med krav om at å få på plass att nynorsk versjon av regjeringa sine nettsider.

Dei litt over 500.000 nynorskbrukarane kan ikkje lenger velje informasjon frå regjeringa og departementa på nynorsk, medan samisk og engelsk enno ligg inne som val. På toppen av alt vert bokmål no kalla «norsk», sjølv om målformene er sidestile, sa Bjørlo til Fjordenes Tidende

Avdelingsdirektør Erik Bollestad for informasjonsforvaltning i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa sa til NRK at dei ville styrke nynorsken ved at artiklar på den oppussa sida berre vert publisert på ei målform, og det kan vere anten nynorsk eller bokmål.

– Held det ikkje at regjeringa.no har nokre av undersidene på nynorsk og nokre på bokmål?

– Målet treng ikkje vere at alle artiklar vert publisert på både nynorsk og bokmål, men standarfunkjsonane og sideoppsettet burde ligge føre på båe målformar, legg Stavseng til.