Færre skular engasjerer seg i Operasjon Dagsverk
Likevel er leiar Hanna Hågensen Aasen optimist før OD-dagen torsdag.
I år er det totalt 527 skular som engasjerer seg i Operasjon Dagsverk. Årets OD-prosjekt er i samarbeid med Amnesty International Norge, der pengane elevane samlar inn skal gå til opplysning om seksuelle rettigheitar og retten over eigen kropp i Argentina, Chile og Peru.
Uortodoks avmelding
Ein av skulane som har valt å trekke seg er St. Sunniva skole. Kun to dagar før aksjonen, valde skulestyret å ikkje gjennomføre kampanjen for Operasjon Dagsverk, men heller gi pengane til eit anna prosjekt, melder Dagbladet. Ei av årsakene skulle vere aksjonens tematikk, som omhandlar seksualundervisning, prevensjon og abort. Tre av fem styremedlem tilhøyrer det katolske bispedømmet.
– Prosjektet vart avvist fordi det slik det har utvikla seg ikkje er foreineleg med det skulen og den katolske kyrkja står for, seier Bjørn O. Øiulfstad til Dagbladet.
Ei mindre nedgang i år
Sjølv om antal OD-engasjerte skular har gått ned, er Hanna Hågensen Aasen, leiar i Hovudkomiteen for Operasjon Dagsverk, positiv.
– Kvifor er det slik at talet på påmelde skular går ned?
– Det er vanskeleg å seie, det veit vi faktisk ikkje. Men vi ser også at nedgangen er mindre i år, noko som i og for seg er bra. Fleire og fleire skular finn sine eigne prosjekt. Før var det kun Operasjon Dagsverk som tilbydde desse prosjekta, no er det fleire aktørar.
Aasen påpeiker skilnaden mellom Operasjon Dagsverk og dei andre aktørane:
– Det som skil oss frå dei andre organisasjonane er at vi ikkje berre arbeidar med bistand. Vi tilbyr undervisning også. Solidaritet skal ligge til grunn for arbeidet ein gjer. Pengane som kjem inn skal ikkje bli gitt inn, men jobbast inn gjennom den jobben elevar gjer.
Vil sprekke bobla
Av forventningar til OD-dagen håper Aasen på ei innjobbing på mellom 25-30 millionar kroner. I 2014 jobba norske elevar inn 26,1 millionar kroner.
– Eg håpar Operasjon Dagsverk kan bidra til å sprekke bobla hos norsk ungdom slik at vi vert flinkare til å sjå det som skjer rundt om i verda.
Ein todelt aksjon
Operasjon Dagsverk er todelt: dei påmelde skulane får tilbod om opplegg for undervisning som er retta mot internasjonalisering og solidaritet, samt det aktuelle OD-prosjektet. Omfanget kan variere frå ein til to veker. Skulane vel sjølve kor mykje dei vil ha av Internasjonal veke, som undervisninga kallast.
Den andre delen er sjølve aksjonsdagen, som i år er sett til torsdag 29. oktober. Då skal elevar ved dei påmelde skulane ofre ein dag med undervisning, og arbeide til inntekt for aksjonen.
Fritt spelerom
Ungdomsskuleelevane skal samle inn 300 kroner per hovud, medan elevar ved vidaregåande skular skal få inn 400 kroner kvar. Korleis dei vil få inn desse pengane er valfritt:
– Ein kan arbeide heime og få betalt av foreldre, selge bollar på gata eller arbeide for bedrifter. Her er det fritt spelerom, seier Aasen.
– Det skal ikkje vere tvang
– Kva med dei som verken får skaffa seg jobb eller har foreldre med nok ressursar til å betale for arbeidet eleven gjer?
– Dette er sjølvsagt ei vanskelig problemstilling, men det skal ikkje vere tvang å delta. Elevar som ikkje har moglegheit eller ikkje vil vere med, skal få tilbod om undervisning, eller eige tilpassa opplegg den dagen, svarar OD-leiar.
Ho oppfordrar bukollektiv til å ga saman og leige inn elevar som vaskehjelp, som eksempel, eller ta ut kontantar og kjøpe bollar elevar sel til inntekt for OD-dagen.