FrP stupar på nyaste måling
SVs oppslutning stupte samtidig som dei gjekk inn i regjering. Det same har no skjedd med FrP.
FrP si oppslutning har stupt til 9,5 prosent på TNS Gallup og TV 2 si nyaste måling. Mange vil nok seie at det er ein konsekvens av FrPs dårlege resultat i kommuneval 2015. Før FrP gjekk inn i regjering i 2013 var oppslutninga deiras 16,7 prosent. Når den første målinga kom etter valet i 2013 hadde FrP kun 13,3 prosent oppslutning.
SV opplevde det same
SV hadde ei oppslutning på 10.6 prosent i august 2005 (16,3 prosent juli 2005) før dei gjekk inn i Stoltenberg II-regjeringa. Oppslutninga til SV har vore heilt nede i 3,2 prosent. No er SV oppe i fem prosent igjen.
Det er ikkje berre regjeringspartiet FrP som har mista oppslutning, også Høgre har merka nedgong etter dei danna regjering i 2013. Høgre er no nede i 23,5 prosent.
Her kan du sjå TNS Gallup og TV 2s paritbarometer.
Utolmodige veljarar
- Veljarane er utolmodige på svar, men også etter ny politikk, seier leiar i SU, Nicholas Wilkinson.
Han meiner det er normalt at parti svinger ein del, men at maktposisjon kan virke på oppslutning i forhold til oppfylling av valgløfter. Han seier politikarane blir reve mellom å fylle opp løfta dei har gitt veljarane, og å lage ny politikk.
- Ein kan ikkje sjå på det som så enkelt at parti mistar oppslutning fordi dei kjem til makta, avsluttar Wilkinson.